"Okseblod" - filmvisning og samtalekveld 11. juni

"Okseblod" er ei historie om sårbarheit og tradisjon, om folk og buskap, og om å overleve side ved side med det som set mat på bordet.

Filmen utspelar seg nokre korte sommarveker då den vaksne dottera Ingrid kjem heim til garden, der faren Oscar slit med å halde den i hevd, etter som han blir eldre. Filmen blei spelt inn på Snarteland her i Fyresdal.

Filmen har hatt verdspremiere og fått strålande tilbakemeldingar. Nå kan du sjå den på Fyresdal kulturhus når vi inviterer til filmvisning og samtalekveld onsdag 11. juni. Kvelden vil by på visning av filmen, samtalepanel, gjester, diskusjonar og gode moglegheiter for mingling. Og ikkje minst – eit dykk i vår felles kulturarv og det levande landbruket.

Program for kvelden

  • Kl. 18.00 – Mingling
  • Kl. 18.15 – Velkomen ved fylkeskultursjef i Telemark, Maja Foss Five, og ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen
  • Kl. 18.20 – Presentasjon ved manusforfattar og hovudrolleinnehavar Jeanne Bøe og produsent Geir Bergersen. Dei vil m.a. fortelje om sin lidenskap for dei som set mat på bordet vårt. Snurr film!
  • Kl. 19.00 – Paneldebatt (30 min)
  • Etter arrangementet på kulturhuset samlast vi til prat og sosialt samvær på Kafé Hvelvet – for dei som ynskjer det

Påmelding

Meld deg på via Forms, e-post eller telefon:

Velkomen til Fyresdal kulturhus onsdag 11. juni frå kl. 18.00!

NB. Gratis inngang!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?