Løypemelding om datasenter - meld deg på til informasjonsmøte 27. mai
Endeleg kan vi dele nyheita om at det er tatt eit stort steg i prosessen rundt ei potensiell utbygging av eit datasenter på Molandsmoen.
Velkomen til informasjonsmøte på Fyresdal kulturhus 27. mai kl. 19.00.
Innbyggarar med bustadsadresse i Fyresdal kommune vil bli prioriterte, alle andre vil bli sett på venteliste. Vi understrekar at det gjenstår fleire avklaringar før endeleg investeringsbeslutning kan bli fatta og spaden settast i jorda.
Agenda
- Velkomen
ved Styrk Fjærtoft, konferansier for kvelden - Null vekst – full drift?
ved Ulf Pedersen, kommunedirektør i Fyresdal kommune
– Velferd i ei ny demografisk tid - Skyer, straum og smarte maskiner
ved Bjørn Rønning, dagleg leiar i Norsk Datasenterindustri
– Oversikt og utvikling ved Datasenterforeningen - Datasenter: Frå prat til prosjekt
ved Erik Skjervagen, ordførar i Fyresdal kommune
– Bakgrunn, status, samarbeidspartnarar og vegen vidare - Kart, kablar og klargjering
ved Halvor Homme, kommunalsjef plan og teknikk i Fyresdal kommune
– Presentasjon av reguleringsplan og visuelle skisser av det planlagde området - Noko å varme seg på
ved Olav A. Veum, dagleg leiar i Myldr Energipark
– Om bruk av overskotsvarme - Kva no, Fyresdal?
ved Gerd Straume, næringssjef i Fyresdal kommune
– Lokale og regionale ringverknader - Spørsmål og dialog
– Opent for deltaking frå publikum
Påmelding skjer via denne lenka:
https://forms.office.com/e/mGruP9HYq9 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Dersom du ikkje får det til via lenka, kan du kontakte Fyresdal kommune på 35 06 71 00.
OBS! Påmeldingsfrist 25. mai!
Viktig informasjon om påmeldinga:
- Du må melde deg på via Forms-lenka over - du blir ikkje meldt på dersom du berre trykker "Skal" på arrangementet på Facebook.
- Meld på éin person om gongen.
- Unngå å registrere deg fleire gonger.
- Når du melder deg på, tek du opp ein sitjeplass, så ver nøye med at registreringa di er korrekt.
Sist oppdatert