Søknadsprosessen for utbygging av datasenter på Molandsmoen er i gang

Fyresdal kommune er glad for å kunne dele nyheita om at det er tatt eit viktig skritt i prosessen rundt ei potensiell utbygging av eit datasenter på Molandsmoen (gbnr. 38/133-134).

Denne veka gjekk nabovarsel om rammesøknad ut. Dette markerer ein viktig milepæl for Fyresdal kommune. Samtidig må vi understreke at det gjenstår fleire avklaringar før endeleg investeringsbeslutning kan bli fatta og spaden settast i jorda. Eit innvilga rammeløyve (rammetilltatelse) er altså ikkje synonymt med at bygging settast i gang.

Nabovarselet er sendt ut av Caerus Architects AS på vegner av EdgeConneX. Varselet gjeld for rammeløyve til heile utbygginga og omfattar oppføring av seks bygningar med tilhøyrande tekniske anlegg. Det vil bli etablert støyskjermar rundt tekniske anlegg der det er nødvendig i henhold til krav. Sikkerhetsgjerde vi bli etablert rundt heile bebyggelsen. Ei eventuell utbygging vil skje i fleire byggetrinn. Nabovarselet inneheld informasjon slik at eventuelt berørte naboar skal kunne ta stilling til tiltaket. Dette betyr at ytterlegare detaljer vil kome seinare, ved innsending av rammesøknaden.

Ofte stilte spørsmål - FAQ

Kva er tidsperspektivet for vidare utvikling?

Rammesøknaden er eit stort steg framover for etablering av datasenter på Molandsmoen, men det gjenstår fleire avklaringar før vi veit sikkert om prosjektet settast i gang.

Korleis er vidare prosess etter nabovarselet?

Etter nabovarselet vil utviklar sende inn komplett rammesøknad med detaljerte teikningar. Kommunen vil deretter behandle og ta stilling til søknaden. Dersom det innvilgast rammeløyve, vil neste steg vere at utviklar arbeider vidare med detaljprosjekteringa av tiltaket og, før det skal utførast arbeid, sender søknad om løyve til igangsetting (igangsettingstillatelse). Denne søknaden vil bli delt i fleire trinn og det er sannsynleg at den første vil bli begrensa til grunnarbeid.

Kva støydempande tiltak vil bli iverksett?

Det vil bli etablert støyskjermar rundt tekniske anlegg der det er nødvendig i henhold til forskrifter. EdgeConnex har også bestilt ein støyrapport. Når kommunen har fått informasjon om denne, vil vi dele oppdatert informasjon.

Korleis vil eit datasenter påverke miljøet og lokal infrastruktur?

Datasenteret er planlagt med mål om å redusere miljøpåverking til eit minimum. Datasenteret vil nytte fornybar energi og er designa med innovative bærekraftsløysingar. Det blir også arbeidd konkret med planar for utnytting av overskotsvarme. Ein rapport frå 2023 over 27 datasenteraktørar rangerer EdgeConneX som den mest bærekraftige og transparente datasenterleverandøren. Les rapporten her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Kor mange arbeidsplassar kan datasenteret bidra til?

Eit datasenter vil skape ei rekke arbeidsplassar, både i byggefasen og når det er i drift. For drift av eit datasenter er det behov for å tilsette ekspertoperatørar, spesialtrente driftsleiarar, teknisk personell på staden og sikkerheitstilsette. Når datasenteret er ferdigstilt, vil det ha faste tilsette på staden i ei rekke roller, frå drift til sikkerheit og vedlikehald. Det dreiar seg om rundt 150 stillingar når datasenteret er opp i full drift. I tillegg vil anleggsperioden føre til eit betydeleg behov for arbeidskraft. Samanliknbare prosjekt har eit behov for ca. 300 personar i anleggsfasen. I tillegg kjem betydelege ringverknader. Det er for tidleg å gje eit meir eksakt estimat, ettersom det framleis gjenstår fleire avklaringar før ei endeleg investeringsbeslutning er tatt hos datasenteroperatøren.

Korleis er datasenter-prosjektet organisert?

Fyresdal kommune var omstillingskommune i perioden 2017–2022 og arbeidde i denne perioden med å utvikle Molandsmoen til eit attraktivt område for m.a. etablering av datasenter.

Då omstillingsarbeidet var avslutta, fortsette arbeidet med etablering av datasenter gjennom Myldr Energipark AS. Å balansere sensitiv informasjon i private selskap opp mot kommunale verksemder og kravet til offentleg informasjon er ei krevjande, men viktig øving. Myldr har handla innanfor rammene som er gjevne av kommunestyret, og har samtidig ivaretatt omsynet til forretningsløyndomar. Organiseringa av arbeidet, reguleringa av området og fullmakta til å utvikle Molandsmoen har i perioden blitt vedtatt og støtta av to ulike kommunestyre.

Myldr Energipark Fyresdal AS er eit heileigd kommunalt selskap med ansvar for sal av areal, kundekontakt, avtaler, kommunikasjon, utgreiingar og utviklingsprosjekt på Molandsmoen. Sidan oppstart har Myldr, i samarbeid med ei rekke fagmiljø, lagt til rette for fleire utviklingsaktivitetar som i sum har gjort Fyresdal til ein attraktiv lokasjon for etablering av datasenter.

Olav A. Veum er dagleg leiar i MYLDR, han er leigd inn gjennom rådgjevingsselskapet Silva Consult AS.

Norsk Data AS er ein eigedomsutviklar og datasenteraktør og har vore engasjert i Fyresdal på fleire område dei siste 4-5 åra. Sidan starten av 2023 har Norsk Data (ND) og Myldr hatt ei samarbeidsavtale, der målet har vore å marknadsføre moglegheitene vi har i Fyresdal både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidet har sikra tilgang til viktig kompetanse og nettverk, og var avgjerande for å få inn datasenteraktøren til Fyresdal som no planlegg utbygging. ND er fortsatt involvert som bindeledd ved eit eventuelt sal av eigedom til ein datasenteraktør.

For ein meir detaljert gjennomgang, gå inn på denne lenkja Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og spol fram til 01:17:00.

Kvifor tar prosjektet så lang tid?

Etablering av eit datasenter er ein omfattande og langvarig prosess, som typisk strekker seg over ein periode på om lag 10 år. Denne prosessen involverer ei rekke ulike fasar, frå førehandskontakt og sondering til bygging og driftsetablering. Det kan ta betydeleg tid å oppnå naudsynte løyve, gjennomføre nødvendige reguleringsprosessar og oppnå ei endeleg investeringsbeslutning.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?