ABC for god psykisk helse
Visste du at du kan trene den psykiske helsa di?
Det du gjer i kvardagen har mykje å seie for korleis du har det. Om du held deg i aktivitet, vil du kjenne deg gladare – oftare. Kva er viktig og bra for deg? Kva vekker dei gode kjenslene? Når du gjer noko som du syns er meiningsfullt, blir kvardagen betre. Vel å gjere noko aktivt og meiningsfullt saman med andre så ofte du kan. Det styrker både di eiga og andre si psykiske helse. Kjenn forskjellen!
Les meir om ABC for god psykisk helse på helsenorge.no:
Sist oppdatert
