Noko forsinka framdrift på Fyresdal kulturhus, men likevel ope for bruk på 17. mai

Toalett- og foaje-prosjektet på Fyresdal kulturhus er dessverre noko forsinka i forhold til framdriftsplanen.

Prosjektet blir dessverre ikkje ferdig til 17. mai:

  • Når det gjeld toaletta, er leveransen av permanente dører forsinka, og det er sett inn midlertidige dører. I tillegg manglar det nokre dispenserar til såpe/tørk.
  • Dører til bibliotek, veslesal og mellom vindfang og foaje er ikkje levert frå leverandør. Her blir det ikkje montert noko midlertidig.
  • Avskrapningsmatte er forsinka frå leverandør. Det som ligg på golv inntil fliser er midlertidig.

Programmet for 17. mai og bruken av kulturhuset til dette vil gå føre seg som planlagt.

Dette er berre å beklage, men vi håpar at det ikkje vil øydelegge den gode 17. mai-stemninga! Velkomen til Fyresdal sentrum for ei solrik og triveleg feiring!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?