Idrettsstipend og kulturpris 2025
Fyresdal kommune gjev kvart år ut eit idrettsstipend på kroner 15 000,- og ein kulturpris på kroner 10 000,-. Stipendet og prisen blir delt ut på folkefesten på 17. mai.
Det er Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO-utvalet) som avgjer om stipendet og prisen skal delast ut. Alle innbyggarar i Fyresdal har høve til å føreslå kandidatar. Fristen er 15. april kvart år.
Årets idrettsstipend gjekk til Sondre Røed Momrak og Tarjei Røed Momrak.
Årets kulturpris gjekk til Ove Taraldlien.
Vi gratulerer så mykje!
Sist oppdatert