Kulturskulen: Sommarkonsert 10. juni og skuleåret 2025-2026
Vi inviterer til sommarkonsert på kulturhuset tysdag 10. juni kl. 18.00! Vi håpar at mange vil sete av tid til dette! Velkomen!
Frist for opptak og oppseiing
Frist for opptak og oppseiing av plass i kulturskulen er 1. juni. Dersom du har fast individuell plass, treng du ikkje fornye eller søke på nytt, denne plassen har du til den blir sagt opp skriftleg.
For at vi skal kunne planlegg eit så godt tilbod til så mange som mogleg neste skuleår, er vi avhengig av tilbakemelding av dykk som foreldre, i god tid før oppstart av kulturskuleåret. Dette gjeld spesielt der vi har gruppetilbod, det vil seie kunst og handverk, dans og turn, og nytt tilbod i musikkproduksjon.
- Dans og turn: Måndagar kl. 16.00-18.00
- Kunst og handverk: Tysdagar kl. 14.15-15.30 (4. og 5. trinn), tysdagar kl. 16.00-17.15 (6. trinn og oppover)
- Musikkproduksjon: Nytt tilbod - tidspunkt ikkje bestemt
Kor mange og kva slags grupper det blir, er avhengig av tilbakemeldingane. Alle som har tilbod på desse gruppene i år, må gje tilbakemelding om dei ynskjer å halde fram neste skuleår. Dette gjerast via Speedadmin Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Vi oppmodar alle til å søke inn i kulturskulen så tidleg som mogleg, slik at vi kan få lagt gode timeplanar, som femnar så mange unge som mogleg.
Alle barn frå 6 år og oppover kan søke individuell undervisning. Alder i gruppene varierer.
Vi har fått Freddy Brander inn som ny lærar, og har fleire nye tilbod. Neste skuleår kan vi tilby fylgjande i kulturskulen:
Individuelle tilbod
- Orgel: Freddy Brander - tidspunkt ikkje bestemt
- Musikkproduksjon: Freddy Brander - tidspunkt ikkje bestemt
- Piano eller vokal: Freddy Brander - tidspunkt ikkje bestemt
- Piano eller vokal: Svetlana Sheytanova - måndagar
- Slagverk: Trygve Jarle Nedrebø - måndagar
- Gitar/bass/ukulele/banjo/hardingfele: Marit van Delft - tysdagar og onsdagar
- Band: Marit van Delft og Freddy Brander - tidspunkt ikkje bestemt
Gruppeundervisning
- Musikkproduksjon: Freddy Brander - tidspunkt ikkje bestemt
- Dans og turn: Gerd Straume - måndagar kl. 16.00-18.00
- Kunst og handverk: Marit van Delft torsdagar kl. 14.30-16.00 og tysdagar kl. 16.00-17.15
Framlegg til aktivitetar og tilbod takast imot med takk😊
Sjekk ut lenkene under for meir informasjon!
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Hilde på 95 27 09 05 eller hilde.momrak@fyresdal.kommune.no.
Relatert informasjon
Sist oppdatert