Mekkeklubb - mekketilbod for unge
Fyresdal Motorsportklubb, frivilligsentralen, SLT-kontakten, kyrkja og kulturavdelinga vil prøve å få til eit mekketilbod for unge.
Fyresdal Motorsportklubb er positive til å stå som ansvarlege for opplegget, men vi treng frivillige som kan vere til stades for å få dette opp å gå. Vi ser for oss ein gruppe på minimum seks personar (gjerne fleire) som kan byte på å vere vaksenpersonar, slik at det rullerer på t.d. seks veker mellom kvar gong ein deltar som vaksen.
Vi ser for oss fylgjande:
- Mekkeklubb ein gong pr. veke i skuleåret (kva vekedag finn vi ut av seinare)
- Mekkeklubben skal vere på Molandsmoen i motorsportklubben sine lokale, der det er eigna lokal (der har det vore mekkeklubb før)
- Får vi nok frivillige, vil vi søke pengar for å ruste opp litt, kjøpe nytt utstyr osv.
- Dei unge må sjølv kome med «mekkeobjekt»
Ein treng ikkje å ha spesiell mekkekunnskap, men har du det er det heilt toppers. Det viktigaste er at vi får til noko for dei unge, og saman trur vi dette lar seg gjere!
For å kunne planlegge oppstart til hausten, ville det vore flott å få ei tilbakemelding om der er interesse før 15.06.2025. Vi har allereie nokre namn på blokka, så det er ikkje så mykje som skal til for at vi lykkast her. Håpar å høyre frå deg!
Helsing Lars Inge, Jørgen, Anne Lise, Nina, Emilie og Hilde
Sist oppdatert