Gratis sommaraktivitetar for ungdom!

Klar for tidenes sommarferie? Bli med oss på ein sommar full av fart, moro og minne for livet! Vi vil teste fiskelykka på vakre Fiskebustøylen, ha det vanvittig moro i Bø Sommarland, klatre i høgda på Via Ferrata, og avslutte med adrenalinkick hos TrollAktiv Evje. Aktivitetane er for ungdom i Fyresdal - frå komande 8. klasse og opp til 18 år. NB. Dei fleste aktivitetane krev påmelding.

Veke 26:

  • Måndag 23. juni-onsdag 25. juni: Hyttetur til Fiskebustøylen med hytteaktivitetar, fisking og kortspel. Påmelding innan måndag 16. juni.

Veke 27:

  • Tysdag 1. juli: Bø Sommarland. Påmelding innan tysdag 24. juni.
  • Torsdag 3. juli: Via Ferrata på Skredefjell. Påmelding innan torsdag 26. juni.

Veke 32:

Fredag 8. august-laurdag 9. august: TrollAktiv Evje. Vi følger opplegget til parken og vil bli med på teambuilding, klatrepark og rafting. Påmelding innan måndag 28. juli.

Ikkje bestemt dato:

Vi vil ha sentrumsnære aktivitetar som blant anna beachparty med grillmat, bading, volleyball og mykje moro! Klubbkveld på kulturhuset og idrettshallen. Følg med på Snapchat og Fyresdal kommune sin Facebook for dato og info.

Utstyr:

Pakkeliste med ting som er lurt å ta med kjem etter at ein har meldt seg på. Hugs at frivillighetssentralen har utstyr ein kan låne. Ta kontakt med Anne Lise på 98 66 40 25 dersom du treng å låne utstyr som sovepose, tursko, yttertøy eller anna.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?