Ny makspris i barnehagen frå august 2025

Stortinget har vedtatt ein betydeleg reduksjon i maksprisen for barnehageplass frå 1. august 2025. Dette er ein del av regjeringas satsing på å gjere barnehagar meir tilgjengelege og økonomisk overkommelege for alle familiar.

Den nye maksprisen er på kr 1 200,- i dei dei fleste kommunar, men Fyresdal kommune er ifylgje SSB sin sentralitetsindeks i sentralitetssone 6 (dvs. "dei minst sentrale kommunane"). Dette inneber at maksprisen i Fyresdal kommune vil vere på kr 700,- frå 1. august 2025.

Maksprisen gjeld både offentlege og private barnehagar. Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass, men barnehagen kan krevje betaling for kost (matpengar).

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?