Tilkallingsvikar komande skuleår - noko for deg?

Gimle skule og SFO har behov for tilkallingsvikarar frå midten av august. Det er ynskjeleg med ungdom og vaksne over 18 år.

Som tilkallingsvikar vil du lære mykje spennande som du kan ta med deg seinare i arbeidslivet.

Vi tek omsyn til at du er ny og tilpassar dette i starten.

Vi har store, fine lokale og flotte nærområde, samt hyggelege tilsette og flotte barn som vil sete pris på at akkurat du blir med på laget!

Det vil bli stilt krav om politiattest.

Gimle skule

I skulen vil det vere behov for vikar heile dagar, enkelttimar, timar fordela på ei eller fleire klasser, i tidsrommet kl. 08.20–13.55.

SFO

SFO har ope måndag, tysdag, torsdag og fredag på morgonen kl. 07.00–08.10 og etter skuleslutt kl. 14.00–16.30. Onsdag er SFO ope heile dagen kl. 07.00–16.30. Det vil vere behov for vikar i ulike vakter. Det vil også vere behov i dei ulike feriane.

Ring oss, så tek vi ein prat!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?