Prøvetime i kulturskulen - noko for deg?

Frå oppstart 25.08.2025 og to veker framover kan du få gratis prøvetime der vi har ledige timar! Då kan du teste ut om kulturskulen er noko for deg!

I år har vi fått Freddy som ny lærar, og han har musikkproduksjon som nytt tilbod i tillegg til piano, orgel og vokal. På musikkproduksjon lærer du korleis du kan lage musikk med PC. Her kan du lære å:

  • lage eigne beats
  • bruke akkordar
  • lage eigne melodiar
  • komponere eller remixe ei låt
  • ta opp lyd (vocals) og mikse lyd
  • bruke programvarer som FLStudio, Ableton Live, Reason og Cubase
  • framføre din eigen musikk ved bruk av Ableton Live

Her ser du årets tilbod:

Musikkproduksjon, piano, orgel, vokal
Freddy - 95 86 09 23
Måndagar/tysdagar - på kulturhuset eller Gimle skule

Piano, vokal
Svetlana - 91 00 24 14
Måndagar - på rom 3 på Gimle skule

Gitar, hardingfele, bass, ukulele
Marit - 95 72 93 49
Onsdagar - på musikkromet på Gimle skule

Kunst- og handverk
Marit - 95 72 93 49
Tysdagar - på kunst- og handverksalen på Gimle skule
Prøvetimar for elevar i 4.-10. klasse

Dans og turn
Gerd - 90 59 18 36
Gruppe 1: 1.-3. klasse måndag kl. 16.00-16.45 - i idrettshallen
Gruppe 2: 4.-7. klasse måndag kl. 17.00-17.45 - i idrettshallen
Prøvetimar i begge gruppene

Du må avtale tid på førehand. Du kan avtale direkte med lærar (send SMS eller ring).

Du kan ha to prøvetimar. NB. På enkelte tilbod er det begrensa med plassar, så om du bestemmer deg, er det lurt å søke deg inn på fast plass så snart som råd. Det er ingen garanti at du får plass sjølv om du har deltatt på prøvetime.

Her kan du søke fast plass:

https://nofyresdal.speedadmin.dk/registration# Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Er det elles noko du lurar på, tak bare kontakt med Hilde på Kulturkontoret! Mobil 95 27 09 05.

Helsing alle oss i kulturskulen

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?