Temakveld 24. september: «Kultur uten barrierer»

Har du lyst til å bli med på eit inkluderingsløft i kommunen?

Vestfold og Telemark Kulturnettverk inviterer til temakveld i samarbeid med kommunen om å inkludere barn og unge med funksjonsvariasjon og/eller sjukdom i organisert kulturaktivitet.

Kvelden startar med opplæringskurs i ressursar og utfordringar, og så ein workshop med deltakarane der vi saman løyser konkrete case.

Kvelden er open for alle – og retta mot kulturfrivilligheita, brukarorganisasjonar, foreldre av barn i målgruppa, kommunalt tilsette innan helse, familie, skule og kultur, og politikarar. Vi ynskjer å samle heile heiagjengen til barn og unge!

Temakvelden er ein del av prosjektet «Kultur utan barrierer», der målet er å finne verktøy og samarbeidsmåtar som gjer det enklare å legge til rette for kulturaktivitet lokalt.

Velkomen til Fyresdal kulturhus 24. september kl. 18.30-20.30!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?