Folkehelseundersøkinga i Telemark 2025
Frå 15. september 2025 inviterast 60 000 innbyggarar i Telemark til å delta i ei omfattande folkehelseundersøking. Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Telemark fylkeskommune, kommunane i Telemark og Folkehelseinstituttet (FHI). Målet er å få ei betre forståing av helsetilstanden, trivselen og livskvaliteten blant vaksne i fylket.
Kvifor blir undersøkinga gjennomført?
Formålet med undersøkinga er å samle inn verdifull informasjon om helsa og trivselen til befolkninga. Dataa som blir samla inn vil gi innsikt i korleis folk opplever si eiga helse, kva faktorar som påverkar livskvaliteten deira, og kva utfordringar dei møter i kvardagen. Denne informasjonen er avgjerande for å kunne utvikle målretta tiltak og forbetre folkehelsa i kommunen vår.
Kvifor er undersøkinga nyttig for kommunane?
For kommunane i Telemark er resultata frå undersøkinga eit viktig verktøy i arbeidet med å skape betre lokalsamfunn. Ved å forstå kva helseutfordringar som er mest utbreidde, kan vi tilpasse våre tenester og tiltak for å møte behovet til innbyggarane på ein meir effektiv måte. Dette kan inkludere alt frå helsefremjande aktivitetar til førebyggande tiltak.
Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Undersøkinga er nettbasert og tek omtrent 15 minutt å fullføre. Dei som blir trekte ut til å delta, vil få ei personleg lenke via SMS og e-post. Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i samsvar med strenge personvernreglar. Resultata vil berre bli presenterte på gruppenivå, slik at ingen enkeltpersonar kan identifiserast.
Trekking av gåvekort
Dei som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort a kr 1000,-.
Vi håpar at alle som får invitasjon vil delta i undersøkinga! Deltakinga di er viktig for å kunne skape eit sunnare og meir inkluderande Telemark for alle.
Har du spørsmål om undersøkinga, kan du sende ein e-post til fhus@telemarkfylke.no eller ringe 35 91 70 16.
Sist oppdatert
