Rammeløyve gitt for etablering av datasenter på Molandsmoen gbnr. 38/133-134
Caerus Architects AS (ansvarleg søkar) har, på vegne av EdgeConnex MCN Norway AS (tiltakshavar), søkt om rammeløyve for utbygging av datasenter med
tilhøyrande støttefunksjonar og tekniske anlegg.
Søknaden gjeld heile utbygginga, og omfattar oppføring av seks datahallar med tilhøyrande tekniske anlegg, samt åtkomstbygning, to vasstårn, interne vegar, parkeringsareal, vatn, avløp, teknisk infrastruktur og landskapsutforming. Det skal etablerast støyskjerming rundt teknisk anlegg
og sikkerheitsgjerde rundt heile etableringa.
Her kan du lese vedtaksbrevet for rammeløyve datert 14.08.2025. pdf, 121 kB, åpnes i nytt vindu.
Det er også søkt om og gitt dispensasjon frå regulerte avkøyringar i reguleringsplanen for Molandsmoen industri- og friluftsområde.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Presentasjon og opptak frå informasjonsmøtet om datasenter-etablering i Fyresdal
- Løypemelding om datasenter - meld deg på til informasjonsmøte 27. mai
- Søknadsprosessen for utbygging av datasenter på Molandsmoen er i gang
- Støyrapporten er klar
- Søknadsprosessen for utbygging av datasenter på Molandsmoen (gbnr. 38/133-134) er i gang
- Datasenter
Sist oppdatert
