Varsel om kraftige vindkast og mykje regn fyrste helga i oktober
NB. Oppryddingsarbeidet etter Amy er ikkje over!
Ver obs på straumførande leidningar på bakken - desse er livsfarlege å kome i kontakt med. Det er ikkje alltid sikringane ryk når leidningane blir liggande på bakken - dei kan bli liggande med spenning på. Hald avstand til skadde leidningar, og meld ifrå til netteigar dersom de observerer noko.
Telemark Nett: 35 07 57 00.
Ver også obs ved rydding av vindfall. Trea kan stå i spenn, og valdsame krefter kan bli utløyste ved ukunnige forsøk på å fjerne desse trea!
Meteorologisk Institutt melder kraftige vindkast og mykje regn for delar av Austlandet fyrste helga i oktober.
Kraftige vindkast på gult nivå (20-25 m/s frå søraust) frå midnatt til ca. kl. 14 laurdag 4. oktober. Les varselet her: Varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Mykje regn på gult nivå (lokalt 40-50 mm/12 t) frå ca. kl. 20 fredag 3. oktober til ca. kl. 14 laurdag 4. oktober. Les varselet her: Varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Informasjon og råd til deg som innbyggar:
- Sikre lause gjenstander, f.eks. søppeldunkar, hagemøblar og trampoliner.
- Vurder om reisa er nødvendig, fylg råd frå Statens vegvesen og sjekk vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
- Ver ein god beredskapsvenn: Er det nokon i din krets (nabo eller venn) som kunne trenge ei hjelpande hand?
Vi har ei eiga temaside på nettsida vår som omhandlar beredskap og krisehandtering. Der finn du mellom anna info om eigenberedskap, kommunal beredskap og møteplass/kontaktpunkt ved lengre utfall av straum og/eller telefon- og mobildekning. Du finn sida her Åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
