Vaksinering på legekontoret i oktober – influensa, lungebetennelse og korona

Velkomen til vaksinering på legekontoret:

  • Torsdag 16. oktober kl. 15.00-18.00
  • Tysdag 21. oktober kl. 15.00-18.00

Prisar

Vaksine

Pris

Influensavaksine

300,-

Koronavaksine - for risikogrupper

110,-

Koronavaksine - for risikogrupper samvaksinering

85,-

Lungebetennelsevaksine - for pasientar f. 1960

110,-

Lungebetennelsevaksine - for pasientar f. 1960 samvaksinering

85,-

Lungebetennelsevaksine (Prevenar) - andre risikogrupper (alle utaenom pasientar f. 1960) NY type!

900,-

Samvaksinering = fleire vaksiner samtidig.

Dei som er fødde i 1960 vil få tilbod om lungebetennelsevaksine til redusert pris gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet.

Ny type lungebetennelsevaksine i år = Prevenar 20. Denne har foreløpig ingen behov for revaksinering (tidligare revaksinering kvart 6. år).

Influensavaksine

Influensavaksine anbefalast til:

  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester), gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år

Barn og vaksne med fylgjande tilstandar:

  • Kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
  • Kronisk hjarte-/karsjukdom, med unnatak av velregulert høgt blodtrykk
  • Diabetes
  • Kronisk alvorleg leversjukdom
  • Kronisk alvorleg nyresjukdom
  • Kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, for eksempel ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sykdom eller ALS
  • Nedsett immunforsvar grunna sjukdom og/eller immundempande behandling, ved for eksempel organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgaere
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege, som personar med medfødde kromosomavvik (for eksempel Downs syndrom) og genetiske syndrom

Influensavaksine anbefalast også til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobber med mistenkt eller bekrefta influensasyk tamfugl

Hensikten med å tilby sesonginfluensavaksine til saneringspersonale og andre som jobber med mistenkt eller bekrefta influensasyk tamfugl er å redusere sannsynlegheita for samtidig smitte med både fugleinfluensavirus og sesonginfluensavirus. Ein slik dobbel smitte kan ein svært sjeldan gang føre til at arvematerialet frå virusa blandar seg så det oppstår nye virustyper med nye eigenskapar. Sesonginfluensavaksinen beskyttar ikkje mot fugleinfluensavirus.

Lungebetennelsevaksine

Lungebetennelsevaksine (pneumokokk) anbefalast til:

  • Alle som er 65 år eller eldre (året du fyller 65 år får du tilbod gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet)

Lungebetennelsevaksinen er også anbefalt til personar med:

  • Nedsett immunforsvar (anten på grunn av sjukdom eller bruk av medisiner, for eksempel HIV, immunsvikt, kreftsykdom)
  • Kronisk lungesjukdom
  • Kronisk hjartesjukdom
  • Kronisk nyresjukdom
  • Kronisk leversjukdom
  • Diabetes
  • Barrieresvikt (cochleaimplantat eller CSF-lekasje)
  • Manglande milt eller miltfunksjon
  • Nedsett lungefunksjon (for eksempel ved slag eller multippel sklerose)
  • Andre med auka risiko etter individuell vurdering (for eksempel heimlause, alkoholikarar, personar som injiserer illegal rus, tidlegare gjennomgått pneumokokkpneumoni eller invasiv pneumokokksykdom)

Oppfriskingsdose med koronavaksine

Folkehelseinstituttet anbefalar at følgande grupper bør vaksinerast med ei oppfriskingsdose før haust-vintersesongen 25/26:

  • Personar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Aldersgruppa 75 år og eldre
  • Aldersgruppa 18–74 år som inngår i ei risikogruppe
  • Aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Aldersgruppa 6 månadar–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering

Personar i alderen 65-74 år som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe kan få vaksine gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet dersom dei ynskjer det, sjølv om denne gruppa ikkje er inkludert i FHIs anbefalingar. Vidare er barn og unge som omfattast av FHIs anbefalingar inkludert i vaksenvaksinasjonsprogrammet og skal få tilbod om koronavaksine.

Oversikt over dine vaksiner?

Du kan sjekke kva vaksiner du har tatt ved å logge inn på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Dersom du har barn under 16 år, kan du også sjå deira vaksiner.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?