Invitasjon til foreldrerettleiingskurs i Circle of security – parenting (COS-P)

Fyresdal kommune ynskjer å tilby foreldrerettleiing til foreldre av barn fødde i 2023 og 2024. COS-P er eit verktøy som kan bidra til å styrke deg/dykk i foreldrerolla og gje deg som føresett betre grunnlag til å møte barnet ditt når det har det vanskeleg. Kva behov har barnet, kva signal gjev det, og kva kan vi gjere for å møte desse behova? Samstundes bli betre til å glede deg over dei gode situasjonane.

Det å vere foreldre er tidkrevjande. Alle foreldre vil oppleve at dei nokon gonger strevar i kommunikasjonen med barnet sitt. Det er vanleg å bli usikker på korleis ein best mogleg kan møte barnets behov, og vite kva barnet treng. Målet med kurset er å styrke samspelet mellom deg og barnet. Vidare bidra til at barnet ditt skal kjenne seg trygg, og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar i livet.

Kurset går over 8 kurskveldar. Ta kontakt ved ynskje om kurs på dagtid (dersom det blir nok deltakarar kan ein vurdere å tilby dette i tillegg). Det er «fyrstemann til mølla»-prinsippet (maks 8 personar). Alle som får plass vil bli kontakta.

Kurset går føre seg i gruppe. Ein går igjennom totalt 8 kapittel. I kvart kapittel ser vi på ulike situasjonar mellom foreldre og barn, og snakkar om det vi ser. Det er to COS-rettleiarar som held kurset.

Kurset er gratis og passar for alle. Båe foreldre blir oppfordra til å delta, men det er også mogleg å berre møte ein forelder.

Det vil bli servert litt mat i starten av kurset, sidan fleire av dykk vil kome rett frå jobb.

Vi er så heldige å ha fått med oss to jenter på 14 år som kan vere barnevakt for barna dykkar under kurset. Dei vil då opphalde seg i 1. etasje i barnehagen medan kurset går føre seg i 2. etasje. Gje beskjed ved påmelding om du har behov for barnevakt.

Påmelding

Påmelding gjerast til Nina Breivik på 47 88 62 70 eller nina.breivik@fyresdal.kommune.no innan søndag 12. oktober.

Kurskveldane:

  • Måndag 20. oktober kl. 16.30-18.00
  • Måndag 27. oktober kl. 16.30-18.00
  • Måndag 3. november kl. 16.30-18.00
  • Måndag 10. november kl. 16.30-18.00
  • Måndag 17. november kl. 16.30-18.00
  • Måndag 24. november kl. 16.30-18.00
  • Måndag 1. desember kl. 16.30-18.00
  • Måndag 8. desember kl. 16.30-18.00

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?