Gjer verksemda di sterkare – for både reiseliv og datasenteretablering

Vil du at verksemda di skal vere ein naturleg del av verdikjeda rundt både reiseliv og dei komande datasenteretableringane i regionen? Då er tida inne for å setje søkelys på miljøsertifisering.

Fyresdal er alt peika ut som beste praksis i Innovasjon Norge si berekraftsmerking – og no tek vi neste steg. Få lokale bedrifter er førebels Miljøfyrtårn-sertifiserte, men interessa – og behovet – aukar raskt.

For miljøsertifisering handlar ikkje berre om miljø. Det handlar om attraktivitet, arbeidsmiljø, lønsemd og tillit.

Kundar, samarbeidspartnarar og investorar etterspør i aukande grad dokumenterte klima- og miljøgrep. Med ein stor internasjonal aktør på veg inn i bygda, er det no vi må vise at næringslivet i Fyresdal tek ansvar – og er klare for framtida.

Kom og høyr næringssjefen i Fyresdal og representantar frå Telemark Næringshage!

Vi vil også vere innom:

  • Kva Miljøfyrtårn-sertifisering betyr i praksis
  • Korleis små og mellomstore verksemder kan kome i gang
  • Kva støtte- og rettleiingsordningar som finst
  • Korleis miljøsertifisering kan påverke finansiering og marknadsposisjon

Velkomen til Fyresdal Næringshage torsdag 23. oktober kl. 18.00–19.30!

Påmelding via lenkje: https://forms.office.com/e/CnFc7GBKwh Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?