«Stein i lomma» til kulturhuset 28. oktober
Jubileumsbillett til "Stein i lomma"!
Teater Ibsen fyller 50 år i år, og dei ynskjer i den samanheng nå å gje vekk 50 gratisbillettar til framsyninga "Stein i lomma" på Fyresdal kulturhus tysdag 28. oktober kl. 19.00.
Billettane er tilgjengelege for henting i sentralbordet i Fyresdal Næringshage i løpet av måndag 27. oktober eller tysdag 28. oktober kl. 08.00-15.30. Fyrstemann til mølla!
24.10.2025
Heile bygda blir snudd på hovudet når eit internasjonalt filmselskap gjer sitt inntog i lokalsamfunnet. Naturen, historia, kulturen og bondelivet blir sett på som ein eksotisk kulisse, og folket som bur der blir oppfatta som primitive og "naturlege". Dei sjølve er urbane og kultiverte i ei verd der alt handlar om status og pengar.
I likskap med mange andre har to rappkjefta unge menn latt seg hyra inn som statistar. To karar som har mista retninga i livet, men som ikkje har gjeve opp håpet om at nettopp denne filmen skal vere starten på noko stort for dei begge.
Historia om kva som skjedde då filmindustrien kom til bygda, blir fortald gjennom Torgeir og Jonny. Vi møter mellom anna herskesjuke produsentar, ein slektning på kjøret, den siste attlevande statistikaren frå Helter i Telemark, ei verdsvant diva og ein heilt vanleg lærar frå Rauland.
Framsyninga er ein populær komedie som blir spelt over heile verda. Vår versjon er lagd til og tilpassa Telemark og vil garantert by på attkjennelege karakterar og situasjonar.
To skodespelarar, 14 roller og 10 dialektar. Snurr film!
Velkomen til Fyresdal kulturhus tysdag 28. oktober kl. 19.00!
Billettar kjøpast på https://billetter.teateribsen.no/webshop/webticket/shop?event=350 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
