Støyrapporten er klar
Ingen naboar blir utsette for støy over grenseverdiane.
Sweco Norge sin uavhengige rapport som reknar ut støy frå eit framtidig datasenteranlegg på Molandsmoen er no klar. Resultata viser at ingen naboar får støy over grenseverdien ved normal drift eller månadleg testing av naudstraum. All testing vil skje på dagtid.
"Eg er glad for at den uavhengige rapporten no er på plass og at grundige utrekningar er gjennomførte. Det er betryggande å registrere at støyen er innanfor krav og retningsliner", seier ordførar Erik Skjervagen.
Sweco, som er eit av Europas leiande rådgjevingsselskap innan ingeniørfag, har gjort grundige utrekningar for tre ulike scenario: normal drift, månadleg test av naudstraum og årleg test av naudstraum.
Støyreduserande tiltak
- Datasenteranlegget består av seks datahallar med 16–32 kjølemaskiner på taket av kvar hall, og 16–32 naudstraumsgeneratorar på bakkeplan for kvar hall – totalt 176 kjølemaskiner og 176 naudstraumsgeneratorar. Dette er typiske støykjelder ved eit datasenter.
- Ein 1 meter høg parapet rundt takkanten er prosjektert på kvar datahall. For kvar kjølemaskin er det i tillegg lagt inn ein 1 meter høg skjerm på toppen rundt viftene. Desse tiltaka har god dempingseffekt.
- Serverane i bygga blir kjølte med kjølemaskiner som blir plasserte på tak. Generatorane blir plasserte på bakken ved sidan av bygga.
- Det er berre i sjeldne tilfelle med straumbrot på nettverksnivå at alle generatorane vil køyre samstundes.
Illustrasjonen viser støynivået ved normal drift.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
