Eigenberedskapsveka 2025

Eigenberedskapsveka 2025 arrangerast i veke 44 (frå måndag 27. oktober til søndag 2. november). Tema for årets kampanje er felles eigenberedskap, og ordet beredskapsvenn er sentralt. Kampanjen vil ha fokus på å nå unge under 30 år.

Kva er det eigentlig vi bør førebu oss på?

Sjølv om det meste fungerer godt i Noreg, kan ulike kriser føre til at alle tenestene som vi tar for gitt, kan bli borte i kortare eller lengre periodar. Slike kriser kan til dømes vere ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar. Vi bør førebu oss på å klare oss sjølve i ei veke – utan til dømes straum, vatn, kloakk, internett, mobilnett og betalingsløysingar.

Kva bør du gjere?

Tenk igjennom kva hendingar som kan oppstå, og planlegg for å kunne ta vare på deg sjølv og dei rundt deg i minst ei veke ved bortfall av ein eller fleire av tenestene nemnd over. Beredskapen i Noreg bygger på at alle tar ansvar og bidrar – det inkluderer myndigheiter, organisasjonar, verksemder og privatpersonar.

Bli ein beredskapsvenn

Å vere ein beredskapsvenn betyr å bry seg litt ekstra – å ta ansvar for deg sjølv, men også for naboar, venner og familie som kan trenge hjelp i ein krisesituasjon. Finn ut kven du kan hjelpe og kven du kan få hjelp av.

Sjekkliste for eigenberedskap

I sjekklista for eigenberedskap finn du døme på ting som det er lurt å ha heime. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom. Her kan du sjå og laste ned sjekklista for eigenberedskap pdf, 507 kB, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?