Strevar du med søvn? Bli med på kurs!

Dersom du strevar med søvn, er du ikkje aleine. Opp mot 15 % av befolkninga i Noreg rapporterar å ha vanskar med søvn. Rask Psykisk Helsehjelp startar opp søvnbehandlingsgrupper for innbyggarar i Vest-Telemark. Søvnbehandlingsprogrammet «Stå Opp» er utvikla til bruk i kommunehelsetenesta, og er lagt opp som gruppebehandling. Dette er ei krevjande, men svært effektiv behandling. Er det noko for deg?

Målgruppe

Personar over 18 år i Vest-Telemark, med langvarige søvnvanskar eller ei vedvarande oppleving av ikkje å sove godt nok eller lenge nok. Du kan ha andre utfordringar i tillegg, men desse vil ikkje ha fokus i denne behandlinga.

Metode

Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar med langvarige søvnvanskar.

Behandlingsopplegget

Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutiner, og kva for endringar du kan gjere for å få betre søvn. Ein like viktig del av behandlinga er det som skjer mellom samlingane, der du vil jobbe på eigahand med det du har lært i gruppa.

Er dette noko for deg?

Vi ynskjer å invitere deg til ei samtale for å vurdere om dette behandlingstilbodet kan vere noko for deg. Det er viktig at du er motivert til å gjere endringar i søvnen.

Oppstart i januar

Dato for oppstart av neste gruppebehandling er 29. januar 2026.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?