Har du ein bustad tilgjengeleg for utleige?

Behovet for bustader aukar i takt med at fleire personar kjem til området for å ta del i utviklinga på Molandsmoen. Dette gir nye moglegheiter for lokalsamfunnet, og Fyresdal kommune ynskjer å legge til rette for at private bustadeigarar og potensielle leigetakarar kan kome i kontakt med kvarandre.

Kommunen kartlegg bustader som kan vere aktuelle for utleige over ein lengre periode. Bustader som blir meldt inn leggast inn i ei oversikt som delast med aktuelle interessentar, primært bedrifter.

Dersom du har utleigeobjekt, maksimalt 35 minutt frå Fyresdal sentrum, vil vi gjerne høyre frå deg. Bustaden må ha heilårleg standard, med innlagt vatn, straum og avløp. Høgstandardhytter kan også vere aktuelle, men her gjeld det eigne reglar.

Har du eit hus, ein leilighet eller ei høgstandard hytte tilgjengeleg, så send e-post til sunniva.slyngstad@fyresdal.kommune.no.

For at bustaden skal kunne førast opp i oversikta, må alle punkta under vere utfylte:

  • Namn på eigar av bustaden og kva slags bustad det er (hus, hytte, leilegheit osv.)
  • Telefonnummer og e-postadresse til kontaktperson
  • Adresse til bustaden
  • Avstand/reisetid til Fyresdal sentrum (omtrentleg)
  • Tilgjengeleg frå dato og eventuell varigheit
  • Standard på bustaden (t.d. nyare standard, eldre men godt vedlikehalden, delvis oppussa, nyrenovert)
  • Møblert eller umøblert
  • Oppvarmingstype (t.d. straum, ved, varmepumpe eller kombinasjon)
  • Tal på soverom
  • Areal
  • Tilgang til Wi-Fi
  • Parkeringsmoglegheiter
  • Eventuelle husdyrrestriksjonar
  • Bilete av alle rom, samt utsida av bustaden

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?