Kulturskulen: Ledige plassar og konsert i januar

Vi takkar for eit flott haustsemester i kulturskulen, og ynskjer velkomen att i 2026! Kulturskulen startar opp att i veke 2, med fyrste undervisningsdag 5. januar!

Vi har ledige timar på fleire tilbod. Ta kontakt, eller meld deg på via Speed Admin Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

  • Slagverk: Trygve Jarle Nedrebø, måndag, kan ha små grupper
  • Piano og vokal: Svetlana Sheytanova, måndag, kan ha små grupper
  • Piano, vokal og orgel: Freddy Brander, måndag og tysdag, kan ha små grupper
  • Musikkproduksjon: Freddy Brander, måndag og tysdag, kan ha grupper
  • Gitar/bass/ukulele/banjo/hardingfele: Marit van Delft, tysdag og onsdag
  • Band: Marit van Delft, onsdag
  • Dans og turn: Gerd Straume, måndag kl. 16.00-18.00
  • Kunst og handverk: Marit van Delft, torsdag kl. 14.30-16.00 og tysdag kl. 16.00-17.15

Alle barn frå 6 år og oppover kan søke individuell undervisning. Alder i gruppene varierer. Har du spesielle behov, tak kontakt med lærar eller Hilde, og så ser vi kva vi kan få til.

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Hilde på 95 27 09 05 eller hilde.momrak@fyresdal.kommune.no.

Vinterkonsert i kulturskulen 19. januar

Til foreldre, føresette og alle andre som har lyst: Velkomen til vinterkonsert på kulturhuset måndag 19. januar kl. 18.00!

Kom og høyr dei flinke kulturskuleelevane våre!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?