Nye røykeforbod frå 01.01.2026
Frå 01.01.2026 er det forbode å røyke på leikeplassar og utandørs idrettsområde.
Hovudformålet med å utvide røykeforbodet til desse områda er å beskytte barn mot passiv røyking.
Røykeforbod på utandørs leikeplassar
Røykeforbodet gjeld på leikeplassar der ålmenta har tilgang.
Med leikeplass meiner ein:
- Eit område, opparbeidd eller naturleg, som er tilgjengeleg og tilrettelagt for barns leik.
Vurderinga av kor grensene til leikeplassen går, må gjerast konkret i kvart enkelt tilfelle. Sentralt i vurderinga er at barn og unge skal beskyttast mot passiv røyking.
Leikeplassar som ikkje er omfatta av røykeforbodet:
- Leikeplass som berre er tilgjengeleg for ein avgrensa krets av personar. Døme på dette er burettslag og sameie, under føresetnad av at det framgår tydeleg at ålmenta ikkje har tilgang (ved skilt, inngjerding eller liknande).
Røykeforbod på utandørs idrettsområde
Røykeforbodet gjeld på område utandørs som er:
- Opparbeidd for eller tilpassa med det formål at det skal brukast til idrett.
Dette kan til dømes vere ein fotballbane eller friidrettsbane. Eventuell tilskodarplass på tribuner og sidelinjer, samt utandørs garderobe og klargjeringsplass for utøvarar er også omfatta av røykeforbodet.
Området kor røykeforbodet gjeld er ikkje avgrensa til ein arena eller stadion, men kan også omfatte eit mindre areal meint for idrett, som ein mindre basketballbane uten avsett plass for tilskodarar.
Det er ikkje eit krav at området er inngjerda. Det er opp til kommunen å vurdere konkret kor dei ytre grensene for idrettsområdet går. Sentralt i vurderinga er at barn og unge som ferdast på idrettsområdet skal beskyttast mot passiv røyking.
Områda skal vere røykfrie også når desse brukast til andre formål enn idrettsutøving, til dømes konsertar eller markeringar.
Idrettsområde utendørs som ikkje er omfatta av røykeforbodet:
- Område som berre er meint å gje befolkninga offentlege rom å opphalde seg i på fritida, til dømes parkar og byrom med bordtennisbord eller boccia-bane.
- Område som er tilrettelagt for fleirbruk, ofte i tilknyting til turområde. Dette kan vere eit friluftsområde som brukast til terrengløp, orientering, skiløyper eller frisbeegolf.
Kven er ansvarleg for at røykeforbodet blir overhalde?
Det er den ansvarlege for området som skal sørge for at røykeforbodet blir overhalde. Dette kan vere eigar, drivar, eller andre som er ansvarleg for området.
Det skal markerast med tydelege skilt at røyking er forbode på stader kor det kan vere tvil om dette.
Den ansvarlege for området kan be folk om å slutte å røyke og bortvise personar som røyker frå området.
Sanksjonar ved brot på røykeforbodet
Kommunen kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på røykeforbodet. Det er den ansvarlege for området som kan ileggast reaksjonar, ikkje den enkelte røykar.
Den ansvarlege for området kan klage på kommunens vedtak til Statsforvalteren.
Sist oppdatert
