Demografiutfordringar og for få hender innanfor helse og omsorg

Det finst ei rekke reformar og meldingar innan helse og omsorg, som alle peikar på utfordringsbiletet kommunane står ovafor framover - stikkord her er demografiutfordringar og for få hender.

Fleire eldre, og også unge eldre, saman med ein stor mangel på helsepersonell, gjer at vi må planlegge og ruste oss godt for framtida. Fyresdal kommune er allereie kjent med fleire av desse utfordringane med å rekruttere kompetanse innan fleire fagfelt.

Det er behov for ein helse- og omsorgsplan som gjev sektoren tydelege mål, retning og føringar for korleis vi skal planlegge og drifte tenestene våre framover.

Dei økonomiske rammene til kommunen blir mindre, og vi har krav på oss til å drifte effektivt og godt. Uansett kor god økonomi vi eventuelt må ha, så er utfordringane rundt mangel på personell og aktuell kompetanse så kritisk at det ikkje går ann å kjøpe seg ut av krisa.

Den største utfordringa framover blir tilgang på arbeidskraft, og vi må fokusere på å løyse tenestene med færre menneskelege ressursar.

  • Arbeide målretta med å forseinke/redusere behovet for hjelp blant innbyggarane generelt sett
  • Arbeide målretta med å forseinke/redusere behovet for hjelp frå kommunen hjå spesielt utsette grupper
  • Arbeide målretta for å forseinke/redusere behovet for ytterlegare hjelp frå kommunen hjå innbyggarar som allereie mottek tenester

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?