Erfaringsdeling frå datasenteretableringa på Hamar i kommunestyre 19. februar
Torsdag 19. februar er det kommunestyremøte i Fyresdal, og til dette møtet kjem tidlegare ordførar i Hamar, Einar Busterud, for å snakke om sine erfaringar kring datasenteretableringa på Hamar og kva påverknadar og konsekvensar dette har hatt for lokalsamfunnet.
Send inn spørsmåla dine!
Dette er ein gylden moglegheit til å få svar på noko av det vi lurar på som lokalsamfunn, og vi oppmodar derfor publikum til å sende oss eventuelle spørsmål på førehand.
Send spørsmåla dine til prosjektkoordinator Sunniva Slyngstad på sunniva.slyngstad@fyresdal.kommune.no seinast måndag 16. februar.
Fylg møtet digitalt
Kommunestyret startar kl. 18.00 og vil bli sendt direkte via Kaukus, streamingløysinga vi brukar. Du finn link til løysinga under.
Sist oppdatert
