Medisinleveranse frå Apotek 1 Seljord frå 16. februar
Medisinleveranse til Fyresdal vil frå måndag 16.02.2026 kome frå Apotek 1 Seljord.
Kontaktinfo Apotek 1 Seljord
- Telefonnummer: 35 05 80 90
- E-postadresse: seljord.apotek@apotek1.no
Opningstider Apotek 1 Seljord
- Måndag-fredag kl. 09.00–18.00
- Laurdag kl. 09.00–15.00
Leveranse berre på spesifikke dagar
Det vil kome medisinleveranse tysdagar, torsdagar og fredagar kl. 14.00.
Medisinane kjem med bodbil og vil som før bli leverte på Joker eller Spar, etter ditt ynskje.
Bestille / fornye resept på legekontoret
Ved bestilling / fornying av ein resept på Fyresdal legekontor, ver merksam på at legane har inntil 5 dagars behandlingstid på dette. Bestill i god tid!
Bestille medisinleveranse frå apoteket
- For å få medisinleveranse til Fyresdal på ein tysdag, må du vere i kontakt med apoteket før kl. 10.00 på måndag.
- For å få medisinleveranse til Fyresdal på ein torsdag, må du vere i kontakt med apoteket før kl. 10.00 på onsdag.
- For å få medisinleveranse til Fyresdal på ein fredag, må du vere i kontakt med apoteket før kl. 10.00 på torsdag.
Vi oppmodar om fylgjande:
- Bestill medisin i god tid!
- Gje eit familiemedlem eller liknande samtykke til å kunne hente ut medisin for deg. Dette gjer du på Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
