Nedetid på mobilnettet i Fyresdal natt til måndag 30. mars

Telenor har planlagt ein fiberjobb i Fyresdal natt til måndag 30. mars. Arbeidet inneber nedetid på Telenor sitt mobilnett. Arbeidet skal etter planen starte rundt midnatt.

Vi minner om fylgjande ang. møteplass/kontaktpunkt (dersom det skulle skje noko uventa i samband med arbeidet):

Ved lengre utfall av straum og/eller telefon- og mobildekning vil kommunane opprette såkalla "møteplassar". På ein slik møteplass kan du få hjelp til å kome i kontakt med brannvesen, politi eller ambulanse.

I Fyresdal kommune er denne møteplassen på Fyresdal pleie- og omsorgssenter på adressa Prærien 23 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Du kan alternativt forsøke å oppnå kontakt med lokal nødetat via sikringsradio, kanal SIKR 7. NB. Dette er ein open kanal som alle kan høyre på, og skal berre brukast i nødstilfelle.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?