Førsdal ringte – og ungdommen tok telefonen!

Nesten 90 ungdommar møtte opp då vi inviterte til medverknadskveld – og for ein kveld det blei!

Det var stort engasjement, god stemning og mange gode innspel om korleis det er å vere ung i Fyresdal – og kva som skal til for at fleire vil bli eller kome tilbake.

Tusen takk til Kjell Kjellen for energi og underhaldning, og til Styrk Fjørtoft som losa oss gjennom kvelden på ein trygg og god måte. Ein ekstra takk til Sunniva Slyngstad, Gerd Straume og Hilde Martini Momrak for strålande planlegging og gjennomføring.

Ordføraren delte også tankar om moglegheitene framover for Fyresdal – og kvelden blei avslutta med hæla i taket, slik det høyrer med på bygdefest.

Dette er viktig for oss. Vi ynskjer å lytte til ungdommen og ta med oss innspela vidare i arbeidet med å utvikle kommunen.

Takk til alle som deltok!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?