Konsert med Eirik Levang på kulturhuset 18. april

Eirik skriv låtar som speglar opplevingar frå eige liv, inspirert av hendingar knytte til mellom anna vennskap, kjærleik og arbeidsliv. Mellommenneskelege relasjonar står sentralt i låtskrivinga hans.

Eirik har vakse opp i Fyresdal i Telemark og syng på førsdalsdialekt. Fleire av tekstane hans ber preg av å ha vakse opp i ei lita bygd. Etter å ha budd fleire år i Oslo, kjem opplevingar av kontrastane mellom bygd og by òg tydeleg fram i tekstane.

Eirik slapp sin første singel, «Eg veit ingenting», 28. februar, og følgde opp med låta «Fleir enn ein» 13. juni. Den 6. mars gav han ut den nye singelen «Femårskrise».

Den 18. april kjem han heim att til Fyresdal, og står på scena i kulturhuset. Her tek han publikum med på ei reise til stadene låtane hans er inspirerte av. Konserten byr på eit repertoar av eigne låtar, sett saman som ei kronologisk reise gjennom stadene han har budd og levd. Publikum vert invitert med på ei personleg musikalsk forteljing som startar i Fyresdal og reiser vidare til livet i storbyen.

Velkomen!

Konserten startar kl. 19.00.

Kjøp billett på førehand via Vipps #537948.

Det vil også vere mogleg å kjøpe billett i døra (Vipps eller kort, ev. kontant).

Billettpris er kr 200,-.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?