Workshop for reiselivet 21. mai: Korleis utvikle produkt og gjere produktet ditt bookbart

Driv du eller ynskjer du å drive serveringsstad? Tilbyr du overnatting, aktivitetar eller andre opplevingar? Då ynskjer Fyresdal kommune saman med Visit Telemark å invitere deg til workshop med GoTo HUB.

I dag forventar kundane å kunne finne informasjon, sjå opningstider og bestille opplevingar, bord eller overnatting digitalt – raskt og enkelt. Dersom ein ikkje er tilgjengeleg der kundane leitar, kan ein gå glipp av verdifulle moglegheiter.

GoTo HUB hjelper verksemder med å samle booking, kalender, betaling og presentasjon på ein profesjonell måte.

Fyresdal kommune forventar at det er interesse for slike løysingar blant aktørar som ynskjer å vere med på den vidare reisemålsutviklinga i kommunen. Skal vi skape vekst i besøksnæringa, må tilboda vere enkle å finne og bestille.

Workshopen passar godt for:

  • Serveringsstadar og kafear
  • Overnatting
  • Guiding og aktivitetar
  • Ridning og hesteopplevingar
  • Fiske, jakt og naturbaserte opplevingar
  • Utleige av syklar, kajakk, båt eller utstyr
  • Arrangement
  • Kurs og små opplevingsprodukt

Tid og stad:

Torsdag 21. mai kl. 17.00-19.00 i Fyresdal Næringshage

Påmelding:

Meld deg på workshopen ved å sende ein e-post til Gerd Straume på gerd.straume@fyresdal.kommune.no.

Velkomen!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?