Generelt bålforbod frå 15. april til 15. september

Vi minner om det generelle bålforbodet frå 15. april til 15. september! Det er nå forbode å gjere opp eld i og i nærleiken av skog og anna utmark, dette gjeld også bruk av eingongsgrill og bålpanne.

Det er tillatt å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann. Med dette meinast t.d. at det ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid.

Dersom du planlegg å brenne bråte eller bål, meld ifrå til 110-sentralen i Tønsberg på førehand - på servicenummer 33 31 41 10.

Vi gjer merksam på at du kan bli stilt til ansvar dersom bålet kjem ut av kontroll. Er du usikker på om det er trygt å tenne bål, så bør du la det vere!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?