Informasjon frå kulturskulen for neste skuleår

For at vi skal kunne planlegge eit så godt tilbod som mogleg til så mange som mogleg neste skuleår, er vi avhengig av tilbakemelding frå dykk som foreldre, i god tid før oppstart av kulturskuleåret.

Dette gjeld spesielt der vi har gruppetilbod, det vil seie kunst og handverk og dans og turn:

  • Dans og turn: Måndagar kl. 16.00-18.00
  • Kunst og handverk: Tysdagar kl. 14.15-15.30 og 16.00-17.15

Kor mange og kva slags grupper, er avhengig av tilbakemelding frå dykk.

Alle som har tilbod på desse gruppene i år, må gje tilbakemelding om dei ynskjer å halde fram neste skuleår. Dette må gjerast på e-post til hilde.momrak@fyresdal.kommune.no innan 01.06.2026.

Når vi får litt oversikt, over kven som ynskjer kva, kan vi tilpasse gruppetilboda deretter. Har du ynskje om noko som vi ikkje tilbyr i dag, er det også fint å få tilbakemelding om.

Frist for opptak og oppseiing av individuell plass i kulturskulen er 1. juni. Ein både søker og seier opp via Speed Admin (lenke) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Dei som har individuell undervisningsplass har denne til den blir sagt opp. Alle barn frå 6 og oppover kan søke på individuell undervisning.

Eg oppmodar alle til å søke inn i kulturskulen så tidleg som mogleg, slik at vi kan få lagt gode timeplanar, som femnar så mange unge som mogleg!

Helsing kulturskulen ved Hilde

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?