Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for hotell i Fyresdal

I medhald av lov om planlegging og byggesaksbehandling av 27. juni 2008, § 12-8, blir det med dette varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering for hotell i Fyresdal. Planarbeidet består av tre delområde. PLANID: 202602.

Alle planområda ligg i tilknyting til Fyresdal sentrum. Planarbeidet er ikkje i samsvar med kommunedelplan for sentrum eller reguleringsplanane for Folkestadbyen 199703, Fyresdal sentrum vest 198002, Reguleringsplan for Fyresdal sentrum vest 200905.

Arbeidet vil krevje konsekvensutgreiing jf. Forskrift om konsekvensutgreiingar § 8, Planer og tiltak som skal konsekvensutgreiast der dei kan få vesentleg verknad for miljø og samfunn. Vedlegg II Planer og tiltak som skal vurderast nærmare, pkt. 11 j). Bygg for offentleg og privat tenesteyting. Det stillast ikkje krav til planprogram eller melding.

Dei tre delområda er definert som Meierigården, området ved kulturhuset og Bryggeparken.

Vedtak frå sak i kommunestyret om oppstart av reguleringsarbeidet følgjer vedlagt.

Planarbeidet skal avklare nødvendige forhold knytt til arealbruk, trafikk, parkering, landskap, naboverknader, sentrumsutvikling, universell utforming, møte-, opplærings- og serveringsfunksjonar og andre relevante tema.

Planarbeid skal vurdere hotell i storleiksorden 70-100 rom, med tilhøyrande restaurant, kurs- og konferansefasilitetar, møtekapasitet, opplæringsfasilitetar, parkering og nødvendige driftsfunksjonar.

For Meierigården skal planarbeidet særleg avklare arealbehov, behov for parkeringskjellar eller andre parkeringsløysingar, kostnader knytt til kjøp og frikjøp av eksisterande eigedomar, tilkomst, parkering, byggehøgder, naboverknader og verknader for innfarten til Fyresdal sentrum.

For kulturhuset-plasseringa skal planarbeidet særleg avklare trafikktryggleik, omsynet til barn og unge, tilkomst, parkering, mogleg sambruk med kulturhuset, behov for riving eller omdisponering av eksisterande bygg og samla arealbehov.

Planarbeidet vil starte opp omgåande. Fyresdal kommune vil engasjere eit konsulentselskap til å gjennomføre planarbeidet.

Frist for innspel

Vi ynskjer at dei som har interesser i områda og meiningar om kva som er viktig å ta omsyn til, gir innspel om dette. Kommentarar/merknadar til planarbeidet skal sendast skriftleg til Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal / postmottak@fyresdal.kommune.no innan 09.07.2026.

Meir info

Nærmare opplysningar kan ein få ved å kontakte Mona Gundersen på mona.gundersen@fyresdal.kommune.no / 95 79 43 42 eller Halvor Homme på halvor.homme@fyresdal.kommune.no / 90 77 77 57.

Vedlegg

  1. Samla saksprotokoll - Moglege hotellplasseringar pdf, 219 kB, åpnes i nytt vindu.
  2. Varslingskart pdf, 407 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?