Aktivitetar for barn og unge i sommar

I år har vi fått støtte frå Gjensidigestiftelsen, BufDir og Agder fylkeskommune til å planlegge og gjennomføre sommaraktivitetar for barn og unge. Tusen takk!

Vi legg opp til eit breitt tilbod i sommar, der vi håpar alle barn og unge i Fyresdal kan finne noko dei ynskjer å vere med på.

Noko er datofesta, men noko kjem i løpet av juni. Den fullstendige planen vil bli dela ut på skulen til elevane før dei tek sommarferie. Elles vil dei bli publisert i kommunen sine kanalar, på Facebook og på SnapChat – som i fjor.

Bli med oss på ein sommar full av fart, moro og minne for livet!

Vi skal utfordre oss ved langtur på Setesdalsheiane, lære om kart og kompass, lage mat ute og oppleve samhaldet ein slik tur gjev gruppa.
Vi skal lære oss flugefiske og gå i villreinen sine fotspor på Austre Nape.
Vi skal ha det vannvittig moro i Bø sommarland og vi skal møtast til klubbkveldar i nærområdet for mat og fine aktivitetar.

Aktivitetane er for ungdom i Fyresdal frå 12 til 16 år, sjå nærmare informasjon under aktivitetane. Klubbkveldane er opne for alle i ungdomsskulen og oppover, og du treng ikkje melde deg på. Vandreturen på Setesdalheiane, dagen til Bø sommarland, raftinga på Evje og turen til Austre Nape må du melde deg på til.

Skriv tabellbeskrivelse her
VekeAktivitet
2625.-27. juni: Hyttetur i Setesdalheiane, med fisking, kart og kompass samt fokus på å vere ein god venn i ei gruppe. Kveldskos med bading og kortspel. For familiar med barn. Frå 5. klasse. Påmelding innan 21. juni.
27Bø sommarland. Klubbkveld med tilbod om mat og ulike aktivitetar. Frå 8. klasse. Påmelding til Bø sommarland innan 28. juni.
3025.-26. juli: Overnattingstur i løa på Austre Nape. Vi skal lære å kaste med fluge, og gå i villreinens fotspor. Frå 5. klasse. Påmelding innan 20. juli.
32Rafting på Evje. Klubbkveld med tilbod om mat og ulike aktivitetar. Frå 8. klasse. Påmelding til rafting innan 21. juni.
33Klubbkveld med tilbod om mat og ulike aktivitetar. Frå 8. klasse.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?