Framtida blir også bygd i små lokalsamfunn

E24 har den siste tida hatt fleire oppslag om datasenteretableringa som skjer i Fyresdal. Politisk og administrativ leiing meiner at oppslaga er lite balanserte og ønskjer med denne kronikken, som er sendt til E24, å gje nokre andre perspektiv på etableringa. Vi veit ikkje om E24 tar det inn, men vi ønskjer med dette å dele vårt tilsvar med kommunens innbyggarar.

Vi ønskjer alle arbeidsplassar, liv og aktivitet i bygda. Men så skjer det. Plutseleg er ikkje fråflytting lenger den største utfordringa.

Dei fleste som kjenner Fyresdal veit at fråflytting, manglande næringsutvikling og ei aldrande befolkning har vore dei største utfordringane våre. Når vi endeleg gjer noko med det, flyttar merksemda seg til tomteval, støy og høge bygg. Det er forståeleg. Men la oss sammen sjå litt lenger fram.

Framtidas lokalsamfunn gjennom vilje og vekst

Vi som bur i distrikta får ofte høyre at vi må skape fleire arbeidsplassar. At vi må leggje til rette for næringsutvikling. At vi må få fleire unge til å bli verande, og fleire familiar til å flytte til eller tilbake til kommunen vår.

Det er vi heilt einige i. Framtidas samfunn må byggjast lokalt.

Samtidig ser vi at forestillingsevna fort forsvinn den dagen moglegheitene faktisk kjem. Saknet etter meir liv og røre, fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping blir erstatta av frykt for endring.

Debatten endrar seg radikalt når ei stor moglegheit plutseleg bankar på døra. Frå å handle om korleis vi skal handtere mindre aktivitet og færre innbyggjarar i framtida, diskuterer vi plutseleg korleis vi skal handtere vekst og auka aktivitet.

Det er dette som skjer i Fyresdal akkurat no. Og det er vi som styrer kommunen som har ansvaret for å sørgje for at denne debatten kjem inn på rett spor.

Gjennom samfunnsdelen av kommuneplanen har kommunestyret vedteke at Fyresdal skal vere ein kommune som legg til rette for vekst, nye arbeidsplassar og framtidsretta næringsutvikling. Målet har vore å skape eit lokalsamfunn der fleire kan bu, arbeide og etablere seg. Når slike moglegheiter no faktisk kjem, er det vår oppgåve å følgje opp dei politiske vedtaka samstundes som vi tek vare på naturen, lokalsamfunnet og dei verdiane som gjer Fyresdal til vårt Fyresdal.

Bygda vil endre seg for alltid

I løpet av få år skal vi byggje eit stort datasenter i kommunen, i samarbeid med ein privat aktør som ønskjer å satse nettopp her hos oss.

Det er ikkje tilfeldig. Det er resultatet av mange år med langsiktig planlegging, målretta arbeid, politisk vilje og politisk fleirtal.

Planane om eit stort datasenter har skapt stort engasjement lokalt, men også langt utover kommunegrensa. Det forstår vi godt. Datasenteret og aktivitetane det fører med seg vil påverke lokalsamfunnet vårt i mange år framover.

Det vil endre bygda vår for alltid. Senteret representerer nye arbeidsplassar, ny kompetanse og moglegheiter som svært få kommunar på vår storleik får oppleve. Vi er trass alt berre cirka 1 270 innbyggjarar i dag. Om nokre år kan talet på yrkesaktive vere dobla.

Det seier seg sjølv at ei slik utvikling også utfordrar noko av det vi ønskjer å ta vare på. Landskapet vi ser utover kvar morgon. Bygda vi voks opp i. Staden vi ønskjer at borna våre skal få oppleve. Den heilt særskilde magien ei lita bygd har.

Difor vekkjer slike saker sterke kjensler. Det er eit uttrykk for at folk bryr seg.

Som kommune har vi eit ansvar for å ta vare på begge desse perspektiva. Vi skal leggje til rette for utvikling når moglegheitene kjem. Vi skal våge å sjå føre oss korleis framtida kan bli, og arbeide målretta for å kome dit. Samstundes skal vi forvalte naturen, lokalsamfunnet og fellesskapet på ein ansvarleg måte.

Kunnskap og openheit

Dette er ikkje motsetnader vi kan velje mellom. Det er omsyn vi må klare å halde saman.

Vi kjem ikkje til å få alle til å meine det same. Det er heller ikkje målet. I eit levande lokaldemokrati vil det alltid finnast ulike syn på store spørsmål. Det viktigaste er at avgjerdene blir tekne på grunnlag av kunnskap, at ulike alternativ blir vurderte, og at innbyggjarane får innsyn og høve til å påverke.

Den tilliten blir bygd over tid. Gjennom openheit, god informasjon og vilje til å lytte, også når kritikken er ubehageleg. Samtidig må openheit balanserast mot andre omsyn. I samarbeid med private verksemder kan kommunen vere bunden av reglar som vernar om konkurransesensitive opplysningar. Det er ikkje eit unntak frå openheit, men ein del av det ansvaret lovverket pålegg oss. Difor kan vi ikkje alltid dele alt undervegs i prosessane. Ambisjonen vår er likevel å vere så opne som mogleg og gi innbyggjarane god informasjon om dei vurderingane og avgjerdene som blir gjorde. Å lytte er viktig, men det er ikkje det same som å gje alle rett.

Fyresdal er ingen pioner når det gjeld å endre lokalsamfunn. Vi har i stor grad halde fast ved det vi har.

Men over heile landet har nye næringar og store investeringar, gjennom fleire generasjonar, endra små lokalsamfunn. Kraftutbygginga la grunnlaget for industri og arbeidsplassar. Olje- og gassnæringa endra kystsamfunn. Havbruk skapte nye moglegheiter og lys i vindauga.

I alle desse tilfella har satsingane ført med seg store diskusjonar om natur og arealbruk. Kvar gong har spørsmåla vore større enn sjølve investeringa. Dei har handla om korleis utvikling skal skje, kven som skal leve med konsekvensane, og korleis verdiskapinga kan kome lokalsamfunnet til gode.

Dei neste åra kjem mange andre norske kommunar til å stå i liknande situasjonar. Ny industri, datasenter, oppgradering av kraftanlegg og andre store investeringar vil skape moglegheiter for vekst og verdiskaping. Samstundes vil dei skape debatt om natur, lokaldemokrati, identitet og tillit.

Rosemåling og svartmåling

Skal Noreg lukkast med å skape nye arbeidsplassar og utvikle distrikta, må vi erkjenne at slike prosessar er krevjande. Vi må klare å romme både optimismen og skepsisen. Vi må ha respekt både for dei som ser moglegheiter, og dei som uroar seg for endringane.

Vi trur ikkje framtida blir skapt ved å halde fast på alt slik det var. Men vi trur heller ikkje framtida blir god dersom utvikling skjer utan solid forankring og eit levande lokaldemokrati.

Den viktigaste oppgåva vår er å finne balansen mellom desse omsyna. Det er ikkje alltid enkelt. Men det er ansvaret vi er valde og tilsette for å ta.

For vi som har ansvar for å skape levedyktige små kommunar, har sjølvsagt forståing for at endring er vanskeleg.

Men vi veit også at dette ikkje handlar om eit val mellom fritidsbustader og nye einebustader. Mellom ro og aktivitet. Eller mellom rosemåling og svartmåling.

Det handlar om eit val mellom fortid og framtid.

Ordførar Erik Skjervagen, kommunedirektør Ulf Pedersen og næringssjef Gerd Straume

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?