Ny rektor ved Gimle skule

Arnold Aas er tilsett som ny rektor ved Gimle skule. Vi ynskjer Arnold hjarteleg velkomen til oss!

Helsing og info frå Arnold:

Eg gler meg stort til å ta til som rektor ved Gimle skule.

Gjennom heile yrkeslivet mitt har eg vore så heldig å få arbeide i skuleverket. Eg har hatt undervisningsstillingar på alle trinn, frå 1. til 13. klasse, og har hatt leiaroppgåver på fleire nivå i skulen. Ei tid arbeidde eg òg på skulekontoret i Åmli. Der fekk eg lære mykje om skuleutvikling, leiing og forvaltning av den tidlegare skulesjefen og nestoren Tarjei Johansen. Det var ei lærerik tid som har vore med på å forme meg som skuleleiar.

Sjølv om eg ikkje har lokalkunnskap om Fyresdal, har eg likevel ei lita tilknyting til bygda. Far min arbeidde heile yrkeslivet sitt som fengselsbetjent i «Leiren» – eller «Skogsforlegningen», som mange i området kjenner staden som – den tidlegare frisoningsanstalten til Arendal kretsfengsel. Det er det kanskje nokon som hugsar. Far min var frå Åmli og trivdest aller best med teltliv ved Fyresvatn og Nisser framfor turar ved sjøen. Difor vart det mange turar til innlandet då eg var barn, og desse minna har gitt meg eit positivt forhold til denne delen av Telemark.

Etter kvart som eg har blitt kjend med Fyresdal, har eg forstått at det skjer mykje spennande i kommunen. Eg har òg fått høyre mykje positivt om Gimle skule – om gode faglege resultat, eit inkluderande læringsmiljø og ein kultur der elevane si læring og utvikling står i sentrum. Det inspirerer meg, og eg ser fram til å vere med på å vidareutvikle dette saman med dyktige medarbeidarar, elevar og føresette.

Eg ser verkeleg fram til å bli kjend med elevane, dei tilsette og lokalsamfunnet, og eg gler meg til å ta fatt på arbeidet ved Gimle skule.

Mvh Arnold Aas

Planlagt oppstartsdato er 3. august.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?