Invitasjon til COSP-kurs (Circle of Security Parenting)

Fyresdal kommune ynskjer å gje eit tilbod om foreldrerettleiing til foreldre med barn fødde i 2020, 2021, 2022 og 2023.

COSP er eit verktøy som kan bidra til å styrke deg/dykk i foreldrerolla og gje deg som føresett betre grunnlag til å møte barnet ditt når det har det vanskeleg. Kva behov har barnet, kva signal gjer det og kva kan vi gjere for å møte desse behova? Samstundes bli betre til å glede deg over dei gode situasjonane.

Det å vere foreldre er tidkrevjande. Alle foreldre vil oppleve at dei nokon gonger strevar i kommunikasjonen med barnet sitt. Det er vanleg å bli usikker på korleis ein best mogleg kan møte barnets behov, og vite kva barnet treng. Målet med kurset er å styrke samspelet mellom deg og barnet. Vidare bidra til at barnet ditt skal kjenne seg trygg, og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar i livet.

Kvart kurs er totalt 7 gonger, og i gruppe. Ein går igjennom totalt 8 kapittel. I kvart kapittel ser vi på ulike situasjonar mellom foreldre og barn, og snakkar om det vi ser. Det er to rettleiarar som held kurset.

Kurset er gratis og passar for alle. Båe foreldre blir oppfordra til å delta, men mogleg og bare kome ein foreldre.

Det vert sett opp kurs med 7 kurskveldar. Dersom fleire har ynskje om kurs på dagtid, kan ein ta kontakt. Dersom det blir nok deltakarar kan ein vurdere å tilby dette i tillegg. Det er «fyrstemann til mølla» prinsippet, maks antall er 8 personar. Alle som får plass blir kontakta.

Vi fekk mange positive tilbakemeldingar frå førre runde med COS-P-kurset. Foreldra som deltok, fortel at dei hadde godt utbyte av kurset, og fleire oppmodar andre foreldre til å melde seg på. Vi ønsker å skape eit trygt og uformelt rom for refleksjon, der de kan få auka forståing for barnet sine behov og styrkje samspelet i kvardagen.

Tid og stad:

  • Oppstart i veke 34
  • 2. etasje i barnehagen

Det er i utgangspunkt tenkt måndagar eller tysdagar, avhengig av kva som passar fleirtalet.

Vi vil halde på kl. 16.30-18.00.

Det vil bli servert litt mat til både foreldre og barn under kurset, sidan fleire vil kome rett frå jobb.

Vi vil ordne barnevakt for barna dykkar under kurset, dei vil opphalde seg i 1. etasje i barnehagen. Dersom de har behov for å benytte dykk av dette, gje beskjed ved påmelding.

Påmelding:

Ta kontakt med Nina Breivik på 47 88 62 70 innan søndag 9. august.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?