INVITASJON – Å vandre med håp 2026
Å VANDRE MED HÅP 2026
Tysdag 25. – torsdag 27. august 2026
Gode tradisjonar må ein ta vare på – og pilegrimsvandringa mot Røldal er ei av dei.
Me inviterer difor til tre dagar med fellesskap, naturopplevingar og gode samtalar på Haukelifjell.
Program
Tysdag 25. august
Start ved Prestegarden i Vågslid kl. 11.
Etappe til Ulevå – ca. 12 km.
Overnatting på Fjellstad (10–25 plassar) og rom på Haukelifjell Skisenter.
Felles middag på kvelden.
Onsdag 26.august
Start frå Ulevå kl. 10 (4–5 km vest for Haukeliseter).
Vandring til Dyrskar.
Det hender også at KVITO dukkar opp med bollar.
Middag og overnatting på Fjellstad.
Torsdag 27. august
Start frå Svandalsflona kl. 9.30.
Siste etappe til Røldal stavkyrkje – 12–13 km.
Kort avslutning i kyrkja.
Om vandringa Å vandre med håp er eit samarbeid mellom psykisk helse-tenestene i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal, Seljord og Kviteseid, samt KVITO. Det gode samarbeidet og dei nye møta er noko av det finaste med desse vandringane. I år går me for 19.gong.
Velkomne til gode dagar på Haukelifjell – det blir fint å møtast!
Sist oppdatert
