⚠️ Oppdatert informasjon om stenging av Fv. 355

Veien_stengd

Vi ser at det har kome fleire spørsmål i kommentarfeltet om stenginga av Fv. 355. Vi har derfor undersøkt dette nærare med entreprenøren som skal utføre arbeidet, og har fått følgjande oppdaterte informasjon:

🚧 Tysdag 1. september
Vegen blir heilt stengd mellom kl. 07.00 og 23.00 på grunn av prøvegraving ved bruer for å undersøkje fundamentet i veg og bru. Dette er for å sjekke om det er behov for ekstra sikringstiltak før transporten til datasenteret i Fyresdal.

🚦 Onsdag 2. og torsdag 3. september
Det vil vere arbeid på vegen desse dagane med opprydding, fresing og reasfaltering. Det vil vere dirigering av trafikken, og det må påreknast ventetid.

Denne informasjonen er motteken direkte frå entreprenøren som skal utføre arbeidet.

Takk for at de gjer oss merksame på spørsmåla – vi håpar denne presiseringa gjer det lettare å planleggje køyringa dei aktuelle dagane.

Veien_stengt2

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?