Bruk av vanedannande legemiddel
Informasjon frå Fyresdal legekontor
Det er for tida auka merksemd på riktig og trygg bruk av vanedannande legemiddel i Telemark. Dette gjeld mellom anna sovemedisinar og angstdempande legemiddel, og det blir gjennomført fleire tilsyn med forskrivingspraksis.
Som ein del av dette arbeidet vil Fyresdal legekontor ha auka fokus på at forskriving og oppfølging skjer i tråd med gjeldande anbefalingar og på ein måte som tek vare på pasienttryggleiken.
Kva betyr dette for deg som brukar slike legemiddel?
Pasientar som brukar vanedannande legemiddel, kan oppleve tettare oppfølging frå legekontoret. I enkelte tilfelle vil det vere nødvendig med legetime før fornying av resept. Legen kan også ønskje å gå gjennom effekt, dosering, varigheit av behandlinga og om det finst andre behandlingsalternativ.
Oppfølginga vil bli tilpassa den enkelte pasient. Eventuelle endringar i behandlinga skal vurderast medisinsk og gjerast i dialog med pasienten. Du bør ikkje avslutte eller endre bruken av faste legemiddel på eiga hand utan å avklare dette med lege.
Ved behov for ny resept
Vi tilrår at du tek kontakt med legekontoret i god tid før du går tom for medisinen. Det kan vere behov for å setje opp ein konsultasjon før resepten kan fornyast.
Målet med den tettare oppfølginga er å bidra til trygg, riktig og føremålstenleg bruk av legemiddel, samtidig som kvar enkelt pasient får ei individuell medisinsk vurdering.
Med venleg helsing
Fyresdal legekontor
Foto: Fyresdal kommune

Sist oppdatert
