Informasjonsmøte for reiselivet, lag og foreiningar
Det er fleire utbyggingsprosjekt på gang, og stadig fleire kjem til Fyresdal og Vest-Telemark for å jobbe, bu og opphalde seg her.
Sjølv om mange kjem hit for å arbeide intensivt i ein periode har dei behov for å fylle fritida. Dette er nye kundar, brukarar og potensielt nye medlemmer med betalingsvilje for mat og drikke, aktivitetar, trening, opplevingar, arrangement, kultur og sosiale møteplassar.
Vi inviterer reiselivsaktørar, næringsliv, lag og organisasjonar, og andre som vil tenkje nytt rundt kva vi kan tilby.
Saman kan vi:
- få fleire kundar til eksisterande tilbod
- fylle meir av haust-, vinter- og vårsesongen
- skape nye aktivitetar og arrangement
- samarbeide om nye tilbod
- skape nye inntekter for bedrifter, lag og foreiningar
På møtet deler vi kunnskap, kor mange vi snakkar om, kva behov vi ser, kva dei kan etterspørje, og kvar vi meiner det kan ligge ein betalingsvillig marknad.
Du treng ikkje ha ein ferdig idé. Faktisk treng du ikkje ha ein idé i det heile tatt.
Men du bør vere nysgjerrig.
Meld deg på her innan 28. September: https://forms.cloud.microsoft/e/MMzjEQDK3b Lenke til et annet nettsted.
Lokasjon: Næringshagen, Roan
Sist oppdatert
