Livet i Fyresdal!

Hei og takk for at du ser innom! Her kjem eit blogginnlegg som vart ganske mykje lengre enn planlagt. Du kan lese litt om kven eg er og korleis eg hamna her, kva eg har gjort sidan eg flytta hit i mai, og ei oppdatering på kva som skjer med prosjektet “Livet i Fyresdal”, som er grunnen til at eg flytta hit.

Kven eg er og korleis eg enda opp med å flytte til Fyresdal

Eg heiter Live, er 29 år og kjem frå Lom, ei lita bygd i Gudbrandsdalen omringa av høge fjell. Eg har studert grafisk design og dokumentarfotografi, og blei ferdig med ein mastergrad i fjor sommar. I feriane dei siste tretten åra har eg jobba på Leirvassbu, ei turisthytte i Jotunheimen, og har difor brukt mykje tid på å gå i fjella der. Eg har drive enkeltpersonforetak dei siste fem åra, men byrja å bli klar for ein meir forutsigbar kvardag, i tillegg til at eg sakna eit arbeidsmiljø. Difor byrja eg så smått å fylgje med på stillingsutlysingar i vinter. Etter kvart skjønte eg at eg hadde eit alvorleg problem; dei fleste stillingane som verka relevante for meg, var i Oslo – midt i asfaltjungelen. For meg kjennes det gale å bu blant betongklossar når landet vårt har så mykje vakker natur. Men er det mogleg å bu på bygda, slik eg er vand til, og attpåtil ha ein spennande jobb der eg kan vere kreativ og bruke utdanninga mi? Det var eit spørsmål som haldt meg vaken om nettene ei god stund!

I slutten av januar tipsa far min meg om at han hadde høyrt noko på radioen i bilen; det var ei eller anna liten kommune i Telemark som var ute etter ein influensar eller noko som skulle syne fram bygda, i eit forsøk på å auke folketalet. Eg googla litt, og fann etter kvart fram til teksta på nettsida til kommunen, #innbyggeresøkes. Fyresdal kommune var ute etter ein influensar med familie og ungar, og over 20 000 fylgjarar på Instagram. Eg såg fort at eg strauk på samtlege kriterium, men syntest likevel dette høyrdes ut som eit spennande prosjekt som kunne by på mange moglegheiter, og tenkte at det ikkje kunne skade å ta kontakt. Eg lasta opp CVen min og sendte ein relativt kortfatta e-post til prosjektleiarane Monica og Birgith i Faun Naturforvaltning. Det var noko slik som: “Hei! Artig prosjekt! Eg har verken familie eller mange nok fylgjarar på Instagram, men eg skal snart få meg hund og eg likar å gå på tur. Kanskje eg kan ha noko å bidra med? Her er CVn min. Helsing Live.” Etter kort tid fekk eg eit entusiastisk svar, og det blei oppretta ein dialog for å finne ut om det kunne vere aktuelt at eg skulle bli den såkalla influensaren som skulle bu i Fyresdal i eitt år og dokumentere kvardagen i bygda. 

Pressekonferansen 12. mars, som sendte heile Noreg i koronadvale, gjorde at framtida for dette prosjektet blei litt usikker. Eg var faktisk på veg hit akkurat da, men fekk ein telefon frå Fyresdal og måtte hoppe av på Oslo S nokre minutt før dørene stengte på toget som skulle til Bø. I slutten av april sette eg, trass situasjonen, igjen snuta mot Fyresdal for eit jobbintervju med Faun Naturforvaltning. Det kom nemleg eit forslag om at kompetansa mi kanskje kunne kome til nytte i andre prosjekt også. Denne turen var meir vellykka enn den førre! Eg fekk tilbod om fast stilling i Faun, og ordninga er no slik at eg er leigd ut til kommunen for influensar-prosjektet, i tillegg til at eg tek på meg andre oppdrag for Faun.

Når det gjeld influensar-begrepet, så er ikkje det eit stempel eg klarer å identifisere meg heilt med. For mange har nok dette ordet ein negativ klang, som ofte gir assosiasjonar til fokus på utsjånad og overfladiske haldningar. Men eg synest at Fyresdal kommune er spenstige som tør å prøve ukonvensjonelle tiltak, for det er ikkje fyrste gongen, og eg har ein mistanke om at dei nok heller ikkje hadde tenkt at ein “rosabloggar” skulle “redde” bygda. Uansett så synest eg det er tøft gjort av både kommunen og Faun å satse på noko slikt, og eg er veldig takknemleg for å ha fått denne sjansen.

Den fyrste tida i Fyresdal 

No er det halvannan månad sidan eg endra bustadsadresse til Fyresdal. Ein solskinnsdag midt i mai sette eg snuta frå Lom mot Vest-Telemark, med stappfull bil og hunden min Rot, for å flytte inn i eit grønt hus i Folkestadbyen. Det var berre å lempe alle flytteeskene inn i gangen, og gjere seg klar for fyrste arbeidsdag som tilsett i Faun. Dagane har floge forbi, og eg kan nesten ikkje tru at eg har vore her så lenge allereie! På ei anna side har eg opplevd mykje, og det har vore litt av kvart å bryne seg på. Ny plass, nye folk og ny jobb. Hunden var også ganske ny for meg, forresten. Rot er ein alaska husky på tre år, som er veldig snill og veldig glad i folk. Så ikkje bli redd om han vil bort og helse om du treffer på oss ute!

Fleire av venene mine påpeikte at det var tøft av meg å flytte langt bort frå alt og alle kjente, så eg venta liksom på at det på eitt eller anna tidspunkt skulle bli litt skummelt. For nye ting kan vere skummelt, sjølv etter nesten tretti år på denne planeten! Så langt har det kjendest rett å flytte hit – sjølv om eg iblant klagar over den intense sommarvarmen og den innpåslitne knotten. Alle eg har møtt her i Fyresdal har teke veldig godt i mot meg, og fleire har teke initiativ til å vise meg kva bygda har å by på. Det set eg veldig stor pris på!

Eg kan likevel ikkje påstå at alt har gått heilt smertefritt. Da NRK dukka opp med filmkamera, og da dei skulle ha meg til å prate på direktesendt radio, lurte eg på korleis i all verda eg hamna her, eg som eigentleg ikkje er særleg glad i merksemd. Eg hadde ikkje vore her i mange dagar før det blei arrangert ei pressekonferanse i hagen min, der blant anna journalistar frå fire aviser, ordføraren og rådmannen møtte opp. Det blei ein lang dag med intervju i både tekst-, video- og lydformat. Skumle saker! 

Ein kan lure på kvifor eg driv med dette her, for eg vil helst gøyme meg bak mitt eige kamera, og trivst definitivt best der. Uansett kor ubehageleg det kan vere å bli plassert på andre sida av kameraet, så er det ein del av pakka med dette prosjektet, i tillegg til at eg gjerne kan stille opp for ei god sak. Og eg synast med handa på hjartet at det å marknadsføre Fyresdal er ei god sak! Årsaken til at eg byrja å dele bilete på sosiale medium og min eigen Instagramkonto, var ikkje fordi at eg ville vise fram meg sjølv. At eg hamna der eg er no, er ganske tilfeldig. Eg oppretta ein Instagramkonto for nokre år sidan fordi eg hadde lyst til å syne fram naturen eg er så glad i, med eit ynskje om å inspirere andre til å bruke og ta vare på naturen vår. Det er same tanken som gjorde at eg likte idéen som Fyresdal kommune gjekk ut med i januar, om at dei var ute etter nokon som skulle syne fram bygda. Eg er også oppteken av at ein ikkje berre skal fokusere på å få tak i nye innbyggjarar, men også halde på dei ein har. Kanskje somme treng ei påminning om kva dei har her, for å ynskje å bli buande?

Ei oppdatering om prosjektet

Så, ei oppdatering om kva som skjer i prosjektet “Livet i Fyresdal”. I samråd med kommunen har vi valt ut tre personar/familiar av dei som meldte interesse for å bli følgd gjennom det neste året. Eg fekk fleire e-postar og meldingar. Tusen takk for engasjementet! Dessverre kunne ikkje alle bli med, på grunn av begrensa med tid og ressursar til dette prosjektet. Etter utvelginga sit vi no att med to enkeltpersonar og ein barnefamilie. Ei samansett gruppe som vi meiner er gode representantar for bygda, og som vi håpar at andre kan assosiere seg med. Tre profilar med ulik alder og livssituasjon, ulik arbeidskvardag og ulike fritidsinteresser, som kan vise fram noko av det Fyresdal har å by på. Likevel vil ein ikkje klare å få med alle aspekta ved å bu her, og planen er difor å inkludere eit mindre omfattande portrettprosjekt kalla “Folk i Fyresdal”. Her er tanken å ta eit bilete eller to – av dei som samtykker til det, sjølvsagt – for å syne fram meir av kva som er mogleg å jobbe med og gjere på fritida her i bygda. Etter kvart som eg har blitt kjent med fleire her, er eg fasinert over kor mange ulike arbeidsplassar og fritidstilbod som finst i bygda, og ikkje minst kor flinke folk er til å bidra for at det skal fortsetje slik!

Som sagt, er det mange aktivitetar ein kan delta på her. Men Fyresdal er også ein kommune med mykje natur – med om lag éin innbyggjar per kvadratkilometer. Friluftsliv og turmoglegheiter er noko av det som kan medverke til å gjere bygda attraktiv for mange, trur eg. Spesielt under koronapandemien, med reiseforboda som stod på som verst i vår, var det mange som fekk augo opp for kva dei har i nærområdet – og kva dei manglar. I mars og april blei eg ofte kontakta via Instagramkontoen min, av folk som skulle ynskje dei budde nærare naturen.

Det er lett å kome seg ut på tur i Fyresdal, og det finst mange godt merkte turar av ulik lengd og vanskegrad – samt urørt natur, for dei som føretrekkjer det. Det er viktig å få med denne delen av Fyresdal i prosjektet også. Tanken er difor at eg er ein av dei som skal vise fram korleis kvardagen her i bygda kan vere, og mitt fokus er på turmoglegheitene. Det finst ei rekke andre personar her som verkeleg brenn for og engasjerer seg i friluftslivet, og eg tek gjerne ein tur i lag med dykk også!

Det blir totalt fire ulike “representantar” for Fyresdal i dette prosjektet; dei tre andre i tillegg til meg. No har eg møtt alle som ska bli med, og er i gang med fotograferinga. Bileta blir ikkje delt heilt enno, for no må eg forsøke å legge opp denne kabalen. Planen er å ta ein del bilete gjennom sommaren og begynne å legge ut desse i løpet av august. Prosjektet er omfattande, men veldig spennande, og eg ser fram til at både eg og dykk som fylgjer instagramkontoen “Livet i Fyresdal” blir betre kjent med dei som skal bidra til å syne fram bygda det neste året. 

Helsing Live