Hei! 

Denne teksta gir sannsynlegvis lite meining om du ikkje har høyrt om meg eller prosjektet før. Ei kort oppsummering; Eg heiter Live, og eg flytta til Fyresdal i mai. Eg er tilsett i Faun Naturforvaltning, og jobbar blant anna med eit fotoprosjekt for kommunen, der målet er å syne fram dei gode sidene ved å bu i denne vesle, fagre bygda.

Har du lyst til å vite meir, kan du lese det fyrste innlegget eg skreiv.

No er det ei stund sidan det førre blogginnlegget blei publisert. Plutseleg var den friske haustlufta her, etter ein varm sommar. For ei som fungerer best når temperaturen er under 15°C ute, var det ei sann glede å sjå lyngen byrje å skifte farge. Da fekk eg også ei påminning om at det var på tide med ei skikkeleg oppdatering, både om prosjektet og om korleis sommaren i Fyresdal har vore.

Eg har for det meste brukt fritida på å gå turar i området, men må innrømme at Geitnetten og Søtdalsvarden blir mest besøkt, sidan dei ligg “rett bak huset” – og det er luksus! Der har eg også funne rikeleg med blåbær og molte, som eg gler meg til å bruke utover vinteren. Elles har eg fått prøvd meg på mykje nytt gjennom jobben i Faun; Eg har vore med på feltarbeid, befaringar og andre spennande prosjekt. Eg synest eg er veldig heldig som kan bu på ein liten plass, og likevel ha ein variert jobbkvardag som er relevant for utdanninga mi, i tillegg til alt eg får lære. 

Eg bur i eit hus i Folkestadbyen, som sentrum her blir kalla, like ved gata der butikkane ligg. Og der har det vore liv og røre i heile sommar! Nokre dagar har det krydd av folk i alle krikar og krokar. Eg er imponert over kor driftige og kreative mange er her! Nesten kvar laurdag har det vore marknad – med sal av “løppur”, lokale varer som grønsaker og heimelaga produkt, nybaka bollar og brød, og mykje meir. Det har vore konsertar, matservering, lotteri, gatevandring og utstilling, samt MiniSkeidet.

Prosjektet

Så, til sjølve prosjektet. Eg har fått erfare kor utfordrande det kan vere å leggje opp eit tidsskjema der gjennomføringa er avhengig av mange faktorar, og det er typisk at mykje skjer på same tid. Dette er eit prosjekt som i stor grad tek form undervegs, og dessverre får eg ikkje inkludert alt eg gjerne ville hatt med. Uansett, så er det ein fin gjeng med folk eg skal syne fram! Dei personane eg skal fylgje gjennom året, er med på prosjektet fordi dei ynskjer å bidra med noko positivt til bygda si. Du skal straks få lese meir om Liv og Oddbjørn med familie, Andreas og Vilde!

Liv og Oddbjørn med familie

For om lag fire år sidan bestemte Liv og Oddbjørn seg for å flytte til Fyresdal. Dei kjøpte eit idyllisk, sentrumsnært småbruk. Der har dei to hestar og to kattar, og stort uteområde som ungane Greger (9), Irma (5) og Torben (10 mnd.) kan boltre seg på. Liv voks opp i Halden, men har familie her i Fyresdal. Både Liv og Oddbjørn er utdanna ingeniørar i fornybar energi. Oddbjørn jobbar i Telemark Lys i Fyresdal. Liv har vore i barselpermisjon med Torben siste året. I sommar og i haust har ho teke fleire studium over nett, i tillegg til å søkje på jobbar i området. Elles er familien interessert i blant anna sjølvberging, gode kvardagar og kombinasjonen tradisjon og ny teknologi, og dei har alltid fleire prosjekt og idéar på gang.

Liv og Oddbjørn har testa bylivet tidlegare, og har nokre tankar om kva dei synest er fordelane med å bu her i bygda:
– Ein sparar mykje tid i kvardagen på at alle funksjonar er tett samla; Skule, barnehage og matbutikk, og ein finn alltid ledig parkeringsplass. Liv påpeikar at dei sikkert brukte ti gonger så mykje tid på å hente og levere ungar, og å handle mat. Om ein brukar lang tid på det same her, så er det fordi ein skravlar seg bort, ikkje på grunn av kø!

– Det er lett å kome i kontakt med folk her. Dei aller fleste er veldig opne og imøtekomande, og ein føler seg fort som ein del av lokalmiljøet – og det er så triveleg at alle helsar. På ein liten plass er det også lett å bli høyrt om ein ynskjer å engasjere seg politisk eller bidra på andre måtar.

– Det er rimeleg å bu her, ein får mykje for pengane. Det er god plass, og det er enkelt å vere åleine om ein vil det, men så er det berre å ta ein tur innom matbutikken i ettermiddagsrushet om ein har lyst til å prate.

– Når det gjeld natur, har ein stor variasjon her. Fjell og vide sletter, badestrender og skog. Det er gode solforhold, og ein er skjerma frå ekstremvêret. Det er reint vatn, fisk i vatnet og vilt i skogen, som er lett tilgjengeleg om ein ynskjer det.

– Det er trygt og idyllisk for barn å vekse opp her, i nærleik til naturen. Kvardagane blir enklare når ein kan dra på båttur, blåbærtur og bygge trehytte på eiga tomt, i staden for å måtte pakke bilen med tre barn og diverse utstyr for å kome seg ut.

–  Kommunen er framoverlent, og i Fyresdal er det veldig mange driftige og kunnskapsrike folk. Mange har fleire utdanningar og yrkesbakgrunnar, i fantastiske kombinasjonar – såkalla tusenkunstnarar. Innbyggjarane er bygda sitt konkurransefortrinn. I tillegg er ein stor andel av dei som bur her, oppriktig engasjert i bygda sitt ve og vel.

Andreas

Andreas er sjølvstendig næringsdrivande, og jobbar som tømrar og kunsthandverkar. Han kjem opprinneleg frå Skien, og flytta til Fyresdal for 15 år sidan for å overta slektsgarden. For seks år sidan starta han Valebjørg Design i lag med broren Stian, som er biletkunstnar. Stian bur i Oslo, men kjem til Fyresdal iblant, og i sommar brukte han stova til Andreas som atelier. Både Andreas og Stian er kreative sjeler som får til mykje spennande, og dei to samarbeider somme gonger på produkta dei lagar.

Det beste Andreas veit med å bu her i bygda, er kjensla av fridom, og det at han kan gjere det han likar aller best berre nokre steinkast frå heime. Jakt, fiske, padling og paragliding er noko av det han brukar fritida på. I tillegg har han sin eigen verkstad der han kan jobbe akkurat når han vil. Han seier også at det er mykje betre å jobbe som handverkar her enn i byen. Her kjenner ein naboane og dei fleste andre ein treffer på i løpet av ein dag, og det har mykje å seie for trivselen.

Vilde

Vilde er ei 16 år gamal hesteinteressert jente, som har budd i Fyresdal heile livet. Vilde starta i haust på breiddeidrett med hest på vidaregåande på Dalen, og skal framleis bu heime i Fyresdal. Tvillingsystera hennar, Stine, har også begynt på idrettsline, men ho satsar på skiskyting i Bø. Frå 2018 og fram til nyleg har Vilde hatt hesten Ari, som ho har trent med og ride på nesten kvar dag. Vilde har no selt Ari, men ho skal konkurrere vidare med hesten Hekla, som mor hennar eig. Elles brukar Vilde fritida på å vere med vener, og ho spelar i korps. Dei to siste åra har ho hatt sommarjobb på Spar.

Vilde synest det beste med å bu i Fyresdal, er at barn og unge har eit rikt utval av aktivitetar dei kan delta på. I tillegg er det eit stort hestemiljø her. Det er fleire område som er tilrettelagde for trening, samt at terrenget byr på moglegheiter for flotte turar med hest.

Mine tankar om prosjektet og om det å flytte hit

Tanken med prosjektet “Livet i Fyresdal”, da idéen blei lansert, var at det skulle få fram fordelane ved å bu i bygda og med det inspirere til tilflytting. Det er vel ingen som vel å flytte til ein heilt ny plass kun på grunn av ein Instagramkonto. Det er nok også sjeldan at nokon bestemmer seg for å flytte over natta om dei fyrst er etablert ein stad. Sosialt nettverk, bustad, jobb, daglege rutinar, skule- og barnehageplass og tilgang på ulike tilbod i nærområdet – for dei fleste vil det vere ei stor omvelting å flytte til eit nytt område. Men håpet er at eit slikt prosjekt kan bidra til at fleire høyrer om Fyresdal, og at andre kan få eit innblikk i korleis kvardagen kan vere på ein plass som dette. 

Eg kjem sjølv frå ei lita bygd der folketalet har hatt ei negativ utvikling i mange år – det er for det meste den vegen det går i distrikta. Problemet er samansett, og det er så vidt eg veit ingen som har funne ei suksessoppskrift for å snu trenden. Når det er sagt, så synest eg Fyresdal kommune skal ha ros for at dei tør å prøve ulike og ofte spenstige tiltak. Det blir i alle fall ikkje betre om ein ikkje prøver!

Som eg har nemnt tidlegare, meiner eg det er minst like viktig å fokusere på å halde på og leggje til rette for dei innbyggjarane ein allereie har, samt dei som er oppvaksne her og som no studerer eller jobbar andre stader. Det hjelper lite å få nye hit om ein ikkje klarar å halde på dei som bur her. Elles handlar det sjølvsagt mykje om kva folk prioriterer i livet sitt, og kva ein ynskjer å ha i kvardagen.

For meg er naturen av dei viktigaste faktorane for at eg hamna her, sjølvsagt i tillegg til jobbtilbod. Da eg fyrst høyrde om utlysinga til kommunen, og før eg sende e-post til Monica og Birgith i Faun (som var ansvarlege for idéen), måtte eg finne ut korleis naturen i Fyresdal var. Eg fann fram kart, leitte etter turbeskrivingar og søkte etter naturbilete frå vinter og sommar. Det hadde ikkje vore aktuelt for meg å flytte til eit område der eg ikkje har natur i umiddelbar nærleik. Difor kan eg av eiga erfaring seie at bilete kan vere eit viktig verkemiddel i ein slik prosess, sjølv om det ikkje nødvendigvis er avgjerande for alle.

Eg har av ein eller annan grunn meint at sidan eg har teke valet om å flytte hit, bør eg ikkje ha heimlengsel. Men eg kjenner jo på det iblant, og eg tenkjer også at det ikkje er unormalt om ein har vore heldig og hatt ein trygg og fin oppvekst. Eg hugsar at eg begynte å bli litt lei av heimbygda da eg gjekk på vidaregåande, men etter å ha flytta vekk for å studere, og etter å ha blitt eldre, fann eg ut av kva som er viktig for meg. Slik trur eg mange har det, og eg kjenner mange som etter kvart kunne tenkje seg å flytte attende til området dei kjem frå. Desse meiner eg det er viktig gjere ein innsats for å ta vare på.

Rett som det er treffer eg på folk som kjenner meg att, og spør om eg trivst  her i bygda (det er veldig triveleg, forresten – takk til alle som tek seg tida til å slå av ein prat!). Nett som eg hadde rekna med, saknar eg dei høge fjella eg har hatt rundt meg det meste av livet, og eg skulle sjølvsagt ynskje at eg budde litt nærare familie og vener. Men så var det det med at ein ikkje alltid kan rekne med å få i både pose og sekk, da. Eg er veldig heldig som har fast jobb, attpåtil med herlege kollegaer, og eg bur på ein plass der eg føler meg trygg og har det meste eg treng like ved.

Det beste med å bu i Fyresdal etter mi meining, er at eg kan gå frå heime og rett inn i nydeleg turterreng. Bortsett frå høgda på fjella, er det mykje som er likt det eg set pris på der eg kjem frå; Ganske nøyaktig éin innbyggjar per kvadratkilometer areal, urørt natur og stillheit. Eg ser fram til å bli enda betre kjent i området og å oppleve alle årstidene i Telemark!

Fylg gjerne Instagramkontoen “@livet_i_fyresdal” for fleire oppdateringar og bilete! Elles tek eg gjerne imot innspel frå dykk som bur her. Har du noko som kan vere verdt å vise fram? Det treng ikkje vere spektakulært eller utanom det vanlege – og både folk og dyr er av interesse. Ta kontakt med meg via Instagramkontoen eller på live.sulheim@fnat.no, så ser eg kva eg har kapasitet til. Avslutningsvis vil eg ynskje alle ein riktig god haust!

Live