Fredag 2. juni blir det som kjent offisiell opning av Tretoppvegen i Hamaren og i den forbindelse blir det mykje moro å vere med på.

Vi håpar at heile bygda, små og store, har lyst til å deltake!

Offisiell opning kl. 17.00

Vi møtast ved utekjøkkenet i Hamaren. Ver ute i god tid! Silje Krohne opnar festen med nydeleg song. 

På den offisielle opninga får vi høyre frå ordførar Erik Skjervagen, frå fylkesvaraordførar Sven Tore Løkslid og frå Ungdomsrådsrepresentant Mathilde Rinden. I tillegg får vi ord frå byggmester og arkitektar. På sjølvaste opningsdagen for Tretoppvegen fyller Knut Lie 100 år! Vi slår desse feiringane saman – syng for jubilanten – og Knut får æra av å klippe snora saman med ordføraren, akkompagnert av trompetar.

Aktivitetskort – ta Hamaren i bruk!

Fyresdal Turlag har stand både ved næringshagen og ved grusbanen – her får alle utdelt eit aktivitetskort som også fungerer som eit lodd – hugs å stoppe å få med eit slikt lodd! På loddet kan du vinne fine premiar seinare på kvelden.

Aktivitetskortet inviterer deg til å prøve deg på aktivitetar rundt om i Hamaren. Kortet har eit felt med ulike aktivitetar, og på kvar aktivitet heng det ein orienteringsklippar. Du kan klippe kortet om du deltek i aktiviteten eller ikkje – poenget er å bevege seg rundt i parken. Det heng klippar på toppen av Tretoppvegen, langs Renna (fjellbrua), i Klatreløypa, ved Tretopptrampolina og ved Yogaplattingen. Fyresdal idrettslag, Hugljufur Islandshestforening og Fyresdal skiskyttarlag står klar ved ulike aktivitetar for å lose folk igjennom. Det er valfritt å klippe kortet, men ta uansett vare på kortet – dette er din lottokupong for kvelden!

Live Musikk Kahoot med Terje, Merethe og Mirja med band!

Ca. kl. 19.00 blir det underhaldning i sentrum! Vi riggar scenen på «bankplassen», utanfor Hvelvet Kafé. Her har vi slått saman den tradisjonelle gullrekka på TV og laga eit LIVE musikkshow med spørsmål til publikum undervegs. Spørsmåla gjeld både musikken og lokale spørsmål. Her må alle bruke mobilen – pass på at du har straum! Vi brukar nettsida www.kahoot.it. Her kan ein gå fleire saman om ein mobil om ein vil. Reglane vil bli forklarte før vi startar. Vi er så heldige å få heim Mirja Veum med band! Så her blir det ein annleis konsert – musikk, spørsmål og engasjement! Vårt eminente quiz-radarpar, Merethe og Terje, losar oss igjennom kvelden. Det blir premiering i etterkant – både for topp-plassering og tilfeldig trekking.

Til slutt trekker vi ei rekke fantastiske premiar på aktivitetskortet frå Hamaren! Premiane visar kor mykje vi har å by på i Fyresdal. Vi kan nemne gode måltid, Via Ferrata, ditt eige SUP-brett (!) og masse meir! Du må vere til stades for å vinne – pass på å ha aktivitetskortet/loddet ditt.

Dersom du treng hjelp med lite eller stort under arrangementet, ta kontakt med Fyresdal Røde Kors på telefon 97 47 88 35.