Open brannstasjon arrangerast i veke 38 over heile landet som ein del av den nasjonale Brannvernuka. Brannvernuka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If. Tidspunktet er ikkje tilfeldig – hausten markerer nemleg inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar fordi vi brukar meir straum og levande ljos.

Fleire enn 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til open brannstasjon i anledning den årlege Brannvernuka. I vårt distrikt opnar Fyresdal Brannstasjon portane for store og små besøkande laurdag 23. september klokka 11.00-13.00. Open brannstasjon over heile landet er blitt ein fantastisk fin tradisjon, og ein viktig arena for å gi nyttig info om brannførebygging, seier Torfinn Straume.

­– Hovudfokus for Brannvernuka i år er ladevett og generell brannsikkerheit i heimen. På Open brannstasjon får dei minste lære om brannsikkerheit. Det blir m.a. konkurransar, matservering og moglegheit til å sitte i ein brannbil. Vi håpar at mange tar turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen!

Øv for å vere førebudd

Skular og barnehagar har krav på å gjennomføre jamlege brannøvingar. I heimen har vi ikkje det same kravet, til tross for at dei fleste farlege brannar oppstår der. Nettopp derfor er det viktig å vite kva ein skal gjere ved branntilløp eller brann i heimen. Årlege øvingar der ein bur – gjerne også oftare – vil bidra til at alle i hushaldninga i større grad veit kva dei skal gjere dersom ulykka fyrst er ute.

– Vi oppfordrar alle til å bruke Brannvernuka til å prate om, og øve på, kva ein skal gjere om det byrjar å brenne i bustaden. Det treng ikkje å vere meir komplisert enn at de avtalar ein møteplass og kven som skal gjere kva. All erfaring viser at dei som har øvd og er førebudd på dramatiske hendingar også handterer dei best.

Tips til brannøving heime: 

Ei brannøving treng ikkje å vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte godt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere dersom det likevel byrjar å brenne.

  • Ta ein prat med heile familien, f.eks. ved middagsbordet om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann. 
  • Prat om kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne, kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarsleren? Tenk igjennom ulike scenario. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømningsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som tar ansvar for kva barn og snakk med barna om at dei ikkje må gøyme seg.
  • Bli einige om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, f.eks. postkassa eller søppelkassa.
  • Sjekk ut ulike rømningsvegar og at dei fungerer, klarer f.eks. alle å kome seg ned brannstigen?
  • Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
  • Vit kor brannslokkeutstyret er plassert og korleis det brukast og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.
  • Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som de hadde tenkt, er det viktig å justere planen og rette eventuelle feil.

Kontaktperson Fyresdal Brannvesen:

Torfinn Straume
Mobil 91 76 85 22
E-post torfinn.straume@fyresdal.kommune.no 

For spørsmål om den nasjonale Brannvernuka, kontakt Tor Erik Skaar, kommunikasjonsrådgiver i Brannvernforeningen, på 91 72 43 06 / tes@brannvernforeningen.no