Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for rørslehemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet. Løyvet består av eit parkeringskort utstedt til deg som person. Det at parkeringsløyvet er personleg, betyr at løyve følger den personen det er gitt til, og ikkje ein bestemt bil. For å kunne benytte deg av dei rettane som følger av parkeringsløyvet, må du legge parkeringskortet godt synleg i bilruta.

Når du søkjer om parkeringsløyve, må du leggje ved legeattest og bilete.