Postlista til Vest-Telemark Brannvern IKS

Vest-Telemark Brannvern IKS kjøper arkivtenester frå Vinje kommune. Det er ynskjeleg at vi som medeigar av det interkommunale selskapet lenkar til den aktuelle postjournalen.

Postlista til Vest-Telemark Brannvern IKS finn du her

Generelt om innsyn

Postjournalen inneheld ei oversikt over inngåande og utgåande post i kommunen. Informasjon om behandling av saker er ein viktig del av kommunens internettsatsing. Når offentleg journal og utval ligg på nett, kan fleire fylgje med på kva som blir behandla. Større openheit og meir innsyn i kommunen sine aktivitetar er ein styrke for lokaldemokratiet.

Du kan bestille innsyn i dokument via publikumsløysinga. Alle har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument. Unnataket er det som er klient,- brukar- eller pasientretta. Her gjeld partsinnsyn og er heimla i forvaltningslova § 18.

På grunn av kvalitetssikring blir postjournalen tilgjengeleg ca. tre dagar etter journalføring og er tilgjengeleg i 180 dagar. Den avgrensa publiseringa på 180 dagar er av omsyn til personvernet.

Eit innsynskrav kan vere skriftleg eller munnleg jf .offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak. Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid.

Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf. offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre arbeidsdagar (måndag-fredag). Om ikkje svar er motteke i løpet av fem arbeidsdagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.

Avslag på krav om innsyn vil kome skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist, jf. forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32. Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. lov om rett til innsyn i dokument § 8, men er sidetalet over 100 kan kommunen krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending.

For innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, venlegast nytt fylgjande skjema: Oppmoding om innsyn.